17. mai i rute

Bil/MC-kortesje 2020 - stillbilde frå video. - Klikk for stort bileteBil/MC-kortesje 2020 - stillbilde frå video. Armand Svendsen Leiar i 17. mai-komitéen, varaordførar Lene Ognøy Foss, fortel at programmet for årets nasjonaldag i Bokn snart er klart.

- Feiringa vil gå føre seg på same måten som i fjor. I tillegg vil det bli barneleikar på fotballbanen ved Idrettshuset etter arrangementet ved Boknatun, fortel ho.

Det er nå er opna opp for kulturarrangement ute med inntil 200 personar frå same kommune, dersom ein kan halda avstand, og komitéen er glad for at det kan haldast barneleikar – sjølvsagt med streng tilrettelegging og gjennomføring, etter gjeldande smittevernsreglar.

- Det var det med håpa på, å kunna laga til meir for ungane enn i fjor. Me vurderte også å ha kiosksal i samband med leikane, men dette blei kutta ut pga. smittevernsutfordringar.

Premiar og overraskingar

Det er Bokn idrettslag som arrangerer barneleikane, i tillegg til at dei vil dela ut is under bil/MC-kortesjen. Og ikkje minst har dei ei overrasking til alle ungane som er med på barneleikane.

Kaj Arne Christiansen i Bokn båtforening og Odd Kenneth Tollaksen i Bokn gatebilklubb fortel at det vil bli flotte premiar for best pynta båt i båtkonvoien og best pynta bil/MC i kortesjen, så her held det ikkje berre å pussa bunadssølvet, men også finpussa dei kreative evnene.

Les også

17. mai-talar 2021 

Heile Noreg syng

Denne landsomfattande hendinga skjer i år ein time tidlegare enn i fjor. Dette betyr at båtkonvoien vil starta kl. 09:00, bil/MC-kortesjen kl. 10:30, framfor Boknatun kl. 12:00 og barneleikane kl. 12:45 eller 13:00

Lokal TV-sending

Wolfgang B. Ognøy, Armand Svendsen og Svein Sandvold er klare til å gjenta suksessen frå i fjor, med direktesending frå kl. 08:45 til 13:00. I tillegg til å dekka ulike programpostar, blir det gjester, direkte intervju, lokal musikk, konkurransar, m.m. Det kjem ut rettleiing både på video og i tekstform, slik at alle interesserte får logga seg på TV-sendinga.

Endeleg program for dagen kjem i neste veke. Det kan bli endringar.

- Alt ligg til rette for ei fantastisk nasjonaldagsfeiring i Bokn, avsluttar varaordførar Lene Ognøy Foss.

Her kan du sjå fjorårets feiring: