17. mai-talar 2021

Stort bilde frå fjorårets båtparade. Lite bilde: Kjell Arvid Svendsen. - Klikk for stort bileteStort bilde: Frå fjorårets båtparade. Lite bilde: Kjell Arvid Svendsen. Stort bilde: Hans Faye - Lite bilde: stortinget.no Kjell Arvid Svendsen er årets 17. mai-talar i Bokn, og komiteen legg sannsynlegvis opp til same type feiring som i fjor.

Kjell Arvid Svendsen var Karmøy-ordførar frå 1995 til 2011. Han sat i Karmøy kommunestyre og formannskap i heile seks periodar. 2005–2009 var han også vararepresentant på Stortinget.

Om talen hans blir framført live i Bokn, eller som digitalt opptak, er avhengig av koronasituasjonen når den nasjonale vårdagen kjem.

Leiar av årets 17. mai-komite, Lene Ognøy Foss, fortel at mykje tyder på at feiringa vil gå føre seg på same måten som i fjor. Då blir det i tilfelle gjensyn med båt- og bil/MC-tog og ikkje minst lokal tv-sending.

Meir for barna

Komiteen ønsker i år å legga meir til rette for barneaktivitetar, i samråd med kommuneoverlegen.

Me kryssar fingrane for at dette lar seg gjera, spesielt viss det blir opna meir opp i mai, avsluttar ein håpefull komiteleiar.

Kjelde: Wikipedia