17. mai-forberedingar

Lærar Bianca Alvestad monterte fane medan det var trommeøving i Bokn Arena. - Klikk for stort bileteLærar Bianca Alvestad monterte fane medan det var trommeøving i Bokn Arena. Jardar Havikbotn Sundag kveld, to dagar før nasjonaldagen, var det både trommeøving og fanemontering på arbeidsplanen.

Trommegjengen;  Lars-Øyvind Alvestad, Ove B. Christiansen, Tomas Alvestad, Eskil Bokneberg (skarptromme), Sofie Øvrebø (cymbalar) og Annstein Vik (stortromme), var samla for første gong før den store dagen.

Og dei treng ikkje fleire øvingar før 17. mai, for både marsjar og marsjering sat som "ei kule". Mykje kan gjerast med øvingsvideoar og heimeøving, og folk kan gle seg til toget! Berre sjå på videoen under - video, Jardar Havikbotn:


Ny skulefane

Kva gjer dei når det snart er 17. mai og skulefanane er komne bort i flyttesjauen? Jo, då lagar dei ei for heile skulen, så fekk dei sjå til neste år kva som eventuelt har dukka opp. Og den 12. mai sette 3. - 6. kl. i gong med å teikna og klippa ut. I kveld sat lærar Bianca Alvestad og monterte dette saman.

- Eg blir ferdig i morgon, kunne ho fortelja med eit smil.