Viktig for lokalsamfunnet

Hjørnesteinsbedrifta Grieg Seafood Rogaland AS, avd. Bokn er i ein prosjekteringsfase. Ny hall på Trosnavåg er under planlegging. Dersom det blir bygging vil det medføra minst fire nye arbeidsplassar. 

Omvising.PÅ OMVISING: Mange besøker bedrifta på Trosnavåg, for å læra og sjå korleis dei har bygd. Her får kjendis Arne Hjeltnes (th.) saman med Høgre-politikarar, informasjon av Atle Jøsang.

Den nye hallen (som blir lik å sjå til som den i dag) blir på nærmare 3.000 m2 og delt inn i to avdelingar. Forutan produksjonsavdeling er det planlagt eige bygg med plass til opphaldsrom, garderobar og kontor. Då eksisterande hall (2.500 m2) stod klar i 2011 blei det investert ca. 60 millionar kr. Denne gong kjem totalinvesteringa truleg opp i 70 mill. Det vil m.a. bli større fiskekar i den nye hallen, og eit av måla er å produsera større smolt for å korta ned produksjonstida i sjøen, og dermed minska risikoen med lus og sjukdom.

Resirkulering og reinsing av vatnet

Avdelingssjef Atle Jøsang fortel at dei sjølvsagt legg opp til resirkulering og rensing av vatnet i den nye hallen, slik det er på Trosnavåg i dag. For fire år sidan var denne teknologien lite brukt og ny i Noreg og Grieg var tidleg ute. I dei  seinare åra er det fleire firma som har bygd liknande anlegg. Mange folk frå heile verda, både politikarar og frå firma, besøker bedrifta på Trosnavåg, for å læra og sjå korleis dei har bygd.

- Me resirkulerer vatnet 99% og produserer meir biomasse med mindre bruk av vassressursane, seier Atle.

Avløpa blir også reinska skikkeleg før det går ut i sjøen. Unikt for anlegget på Trosnavåg er at vatnet blir reinska med biofilter.

- Me brukar bakteriar til dette, bakteriar som et opp all skiten frå fisken og dermed reinskar vatnet. Dette gjer at me brukar veldig lite vatn og det er enkelt å varma opp vatnet om vinteren. Det at temperaturen ligg på 15-16 grader heile vinteren, kostar oss svært lite i energi, seier han og viser meg nokre plastikkgjenstandar som bakteriane gror på. Dei er det millionar av i dei to fire meter djupe kara på reinskeanleggsrommet. Der kjem det heile tida nye bakteriar til og dei gamle bakteriane døyr og går ut med vassmassane. Desse lagar litt farge på vatnet, som ikkje er noko problem for fisken.

- Her brukar me kun 200-300 liter vatn i minuttet. Skulle me produsert same mengde fisk på eit tradisjonelt anlegg hadde me brukt  om lag 12.000 liter vatn i min., fortel han.

PlastikkbitarBakteriane gror på små plastikkgjenstandar, som det er millionar av i dei to fire meter djupe kara på reinskeanleggsrommet.  


Viktig og ekspanderande avdeling i Bokn

Grieg Seafood Rogaland AS har 110 tilsette, 25 av dei er fordelte på dei fire lokalitetane i Bokn. I tillegg til settefiskanlegga på Trosnavåg og Hognaland har Grieg to matfiskanlegg her i kommunen, Lauplandsholmen og Tallaksholmen. Atle kan opplysa om at 12 av dei 25 jobbar på land, resten på sjøen.

Avdelinga på Bokn har for alvor etablert seg i bygda og har etterkvart ein del kompetanse.

- Her på Trosnavåg har dei tilsette totalt om lag 160 års erfaring, 10 av 11 har fagbrev i akvakultur og sistemann vil få fagbrev før jul, seier ein som sjølv har elektrokjemi-bakgrunn og som tok akvakultur etter å ha jobba hjå Grieg i fem år.

Då han begynte i 1998 var dei to mann og produksjonen var 500.000 stk. fisk i året. I dag produserer dei 5 mill. stk. fisk i året.

All landbasert settefisk-produksjon i Grieg Rogaland er på Bokn.

- Me produserer også stamfiskkandidatar til samfiskanlegget vårt som ligg i Erfjord.  Det er Erfjord som leverer oss rogna og me produserer han til smolt og leverer han til sjøanlegga, fortel Atle medan han viser meg rundt på anlegget. Det store fiskekar-rommet, der 85% av produksjonen foregår, inneheld 10 tankar med fisk. Fire tankar rommar 320 m3 kvar og seks tankar rommar 120 m3 kvar - totalt 2000 m3 med vatn. I det nye hallen vil det komma kar som rommar opptil 700 m3 med vatn.

Når fisken er klekka og produsert fram som yngel blir han flytta til desse kara og vidareprodusert til han er klar til å gå i smolt, med brønnbåt til merdanlegga deira i sjøen. Atle peikar på eit kar med 150.000 unglaks som skal ut i ei merd i sjøen med ei gjennomsnittleg vekt på 100/110 g. Desse var rogn i desember i fjor, så det går berre frå sju mnd. til eitt år før dei blir smolt. I løpet av 16-17 mnd. utviklar fiskane seg til slaktefisk på 4-5 kg.

Leveringsklare fisk.100 grams leveringsklare fisk. I den nye planlagde hallen er eit av måla å produsera større smolt i store fiskekar, for å korta ned produksjonstida i sjøen, og dermed minska risikoen med lus og sjukdom.

Sommarjobb for ungdom

Atle er veldig engasjert i at ungdommane på Bokn har noko å gjera på i heimkommunen. At dei får prøva seg i arbeidslivet meiner han er noko av det viktigaste me kan bidra med.

- Ja, det er viktig at dei får prøvd seg og viktig for oss som næring med rekruttering. Med tanke på yrkesveg for dei unge er det også viktig at dei får sjå kva dette handlar om, meiner ein entusiastisk avdelingssjef.

Han lyser ikkje ut jobbane, alle søker på eige initiativ. I år tok han inn heile 14 stk. og måtte seia nei til nesten like mange. Sjølv om det er mykje arbeid med kontrakt, opplæring og risikoanalysering for kvar enkelt, får han mykje igjen for jobben og synest det er kjekt at ungdommane er så motiverte, positive og innstilte på å gjera ein god jobb.

Atle Jøsang har stor tru på framtida til Grieg Seafood.

- Denne næringa vil trenga m.a. elektrikarar, informasjonselektrikarar, mekanikarar, rørleggarar, kjemikarar, biologar og veterinærar. Det kjem til å bli ei vannvittig utvikling, avsluttar han.