Bokn Arena Hall

Hall

Hallen i Bokn Arena er dimensjonert for 500 personar ved store arrangement. Dispensasjon kan søkast hos Haugaland Brann og Redning IKS, tlf. 91 91 01 11 - Epost: postmottak@hbre.no

Hallen kan leigast med storkjøkken. Kjøkkenet er fullt utstyrt, med rettleiingar på veggane.

Lageret aust for scenen i sør har 101 bord og 530 stolar. Port ut sør for søre-tribune for rigging av utstyr, m.m.

Scenen er 8 m brei og 5 m djup  (Molton-gardiner 1 m frå veggane). 90 cm frå golv og til taket er det 6,30 m. Kan bli 7 m djup med scenemodular. Scenen har 6 brønnar med stikkontaktar, monitor ut og XLR inn. Motorisert sceneteppe og lerret (4,80 m bredde). 

Prosjektor. Lyd- og lyspanel med førehandsprogrammering og inngang for mixar. Behringer digital mixepult (32/16) og lysmixar til større arr.

Tilhøyrande lagerrom med sminkebord, toalett, backstage, kostymar, kulissar og annan rekvisita som t.d. 10 stk. Sennheiser trådløse mikrofonar; 2 handholdte og 8 myggar.

To skilleveggar kan dela hallen i tre. Ved scenelyd er det ein fordel å bruka skilleveggane for å dempa romklang.

I nordre og midtre del er det brønnar for volleyballmål og små handballmål. Lån av utstyr blir vurdert i kvart enkelt tilfelle. Interesserte tar kontakt med Jardar Havikbotn på telefon 98 22 15 08. Epost: jarhav@bokn.kommune.no

Nøkkelinformasjon

Størrelse

1283 m2

Pris

Kr 312 pr. time. Døgnleige kr 10 410