Bokn Arena Hall-nord

Hall-nord

Hallen kan delast i tre med skilleveggar, og fleire "støysvake" aktivitetar kan gå føre seg samtidig. Dette blir vurdert i kvart tilfelle.

428 m2 boltreplass. Ribbevegg montert på nordre vegg og demonterbar tribune for ca. 56 personar i aust.

Det er også mogleg å bruka speakeranlegget på austre langside (phonoinngang). Anlegget sitt hovudpanel er på midten, og dette må stå på Individuell funksjon for at volumhjulet på Panel-nord skal fungera. Rettleiing på veggen. Trådlaus handholdt mikrofon og hovudbøyle kan også leigast.

Delen har brønnar for volleyballmål og små handballmål. Lån av utstyr blir vurdert i kvart enkelt tilfelle. Interesserte tar kontakt med Jardar Havikbotn på epost bestille@bokn.kommune.no

Nøkkelinformasjon

Størrelse

428 m2

Fasilitetar

  • demonterbar tribune
  • ribbevegg
  • speakeranlegg

Pris

Kr 113 pr. time