Lokalet i Bokn Arena, 2. etg. er dimensjonert for 80 personar (kinooppsett/stolrader). Ved stol/bordoppsett, ca. 50 personar. Rommet kan nyttast til møte- og selskapsverksemd, konsertar, m.m.
Eventuell mat og drikke kan tilberedast på storkjøkkenet i 1. etasje. Kjøkkenet er fullt utstyrt, med rettleiingar på veggane. Mat og drikke kan trillast opp via heis. Det er foaje (41 m2) med kjøkkenkrok (m/kjøleskap) utanfor rommet.
Lokalet har eit mobilt digitalt hybridpiano. Vindauga har elektronisk blending - fjernkontroll ved døra til lagerrommet. Rettleiing på veggen. Lyset i taket kan dempast med knappar bak lerretet.
Teknisk utstyrsseksjon inneheld følgande:
- Datamaskin/nettbrettilkopling til videoprosjektor med HDMI (ev. adapter må avklarast på førehand).
- Trådlaus pc-tilkopling ved bruk av Barco ClickShare.
- Mixepult (tilkopla teleslynge) oppå racket, med moglegheit for å kopla til mikrofonar, instrument, m.m.
- Trådlaus hovudbøyle. Skru på sendaren ved å opna batteriluka. Virkar når ein skrur på anlegget.
- MERK: Teleslynge virkar berre ved bruk av anlegget.
Nøkkelinformasjon
Størrelse
86 m2
Pris
Rom inkl. kjøkken og vask fram til kl. 18: kr 1 692. Døgnleige kr 2 820