Tur til Vibrandsøy

IMG_0163.JPGTysdag 2.juni var 1.-7.klasse invitert ut til Vibrandsøy på konsert. I sterk vind og kraftig regn drog me av garde i to bussar ut til Hasseløy. Vidare tok båtane Riskafjord og Rygerkatt oss ut til Vibrandsøy. 

Elevane på konsert

Tre ulike hus blei tatt i bruk som konsertarenaer, blant anna ein gigantisk industrihall og eit gamalt båthus. Det var ein magisk stemning i det mørke båthuset, og dei ulike låge og høge tonane breidde seg utover. Elevane fekk høyra bruk av stemme på mange artige måtar dei knapt har høyrt før.                                        

Bruk av trommer av ulike slag var nok det som fasinerte elevane mest. Her fekk også nokre av elevane prøva seg på samspel med aktørane.                                                                                                

Under matpausen hadde det slutta å regna, og medbrakt nistepakke smaka godt ute i det fri. Samtidsmusikk er vel den type musikk som ikkje er så kjend for elevane , og tilbakemeldingane me fekk frå elevane etter konserten var: «Merkeleg, rar, løyen, kjedelig. litt uvanleg, knall kul»

Riks Ultima som konserten vart kalla  var eit samarbeid mellom Ultimafestivalen, Rikskonsertane og Den kulturelle skulesekken. Tross det dårlige veret, lange køar og mykje folk hadde me ein fin tur.