Innskriving av elevar

Hovudinngang

Velkomen til innskriving for 1. kl. 2015/2016 på Bokn skule fredag 24. april kl. 09.00 til om lag kl.11.00.

Alle barn i Bokn som er fødde i 2009 eller før, og som ikkje har byrja i skulen, skal etter §2-1 i Opplæringslova skrivast inn.

 

Det kan innvilgast utsett skulestart med eitt år etter søknad frå foreldra/føresette. Likeeins er det høve til å søkje om framskoten skulestart med eitt år dersom barnet fyller 5 år innan 1. april 2015. Avgjerd om utsett eller framskoten skulestart skal takast etter sakkunnig vurdering frå PPT.

Søknadsfrist for begge er 15. mai 2015.

Det vert sendt ut innbyding til kvar elev med fleire opplysningar om innskrivingsdagen.

Velkomen til Bokn skule!

Med helsing
Wenche L. Havikbotn
-Rektor-