Innsamling til SOS Barnebyer

Internasjonalt samarbeid gruppebileteKlassen i Internasjonalt samarbeid på Bokn skule har samla inn pengar til SOS Barnebyer og arbeidet deira i Nepal. Fram til nå har me samla inn heile 5795 kr!

Me har selt vaflar på butikken, smoothie på skulen, kaffi på ferjekaien, Are. I tillegg har me blitt spurde frå faget Sal og scene om me vil selje vaflar, kaffi og saft på konserten deira i neste veke. Det vil me gjerne!

Me vil berre sei takk til dei som har handla hjå oss så langt, til alle sponsorar og andre som har medverka til dette gode resultatet! Kom og sjå når sal og scene har konsert, og kom og kjøp vaflar, kaffi og saft!

Smoothie-salet har gått veldig fint, det har vore lange køar, og me har selt veldig mykje. Me som har halde på med dette har synest at det har vore utruleg gøy. Me har storkost oss!

Madelen og Lea

Internasjonalt samarbeid