Opning av dagsturhytta, Kongsbu

Opning av dagsturhytta Marie Vågshaug


16. oktober var det offisiell opning av den nye dagsturhytta, Kongsbu, ved Kongshamn.

Av Marie Vågshaug

Det var mange som tok turen, trass i kraftige regn- og haglbyger. Innimellom bygene kikka både sola og månen fram. Kongsbu ligg vakkert til med god utsikt i alle retningar. I dag var det vakre haustfargar som prega landskapet me gjekk gjennom.  

Ordførar Osmund Våga ønskte velkomen og leia ordet.  

Kjetil Hamre las eit flott nyskrive dikt til, og om, Kongsbu:

Kongsbu

Kongsbu ska åpnast med brask og bram

Stien e klar, det e lett å komma seg fram

Ein fredfullt flekk så ligge idyllisk og fin

Grip fatt i halen på dagen, den e din


Eg e et fint mål for store og små

Lett på humøret og knytt skonå på

Sko det regna og vinden blåse seg opp

Kan du fyra opp ovnen og varma din kropp


Om solå e framme med godt humør

Og landskapet lyse i høstlig kulør

Står eg her nesten så ein diamant

Turen va ikkje det dummaste målet du fant


Ein skikkelige tur har ofta ein rast

Eg e bolta i fjellet, stødig og fast

Her kan du knytta av skonå og slappa av

La fred og ro jaga bort hverdagens kav
 

©️ Kjetil Eivind Øvrebø Hamre

Etter Kjetil hadde Karianne Våga eit vakkert musikalsk innslag på saksofon.  

Ordføraren informerte om korleis bygginga av hytta kom i stand. Han takka grunneigerane, Elly og Ottar Borgenvik, og alle som deltok med frivillig arbeid på ulike måtar. Han sa at her kan alle som vil, rasta ute i finvêr, eller inne om ei ville finne ly eller varme seg. Her er det bøker frå biblioteket om ein har lyst å lese. Om det er kaldt kan ein fyre i omnen. Søppel skal ein ta med seg heim.  

Helsingar

Atle Skrede kom med helsing frå Rogaland fylkeskommune. Han sa mellom anna at dette er fellesskapet si hytte og at alle innbyggerane i Bokn er vaktmeisterar for hytta.  

Kyrre Lindanger hadde helsing frå Sparebankstiftelsen SR-Bank, han hadde med seg ei hyttebok som gåve og han oppmoda alle som kom som gjester til hytta om å skrive ei helsing eller namnet sitt i boka når dei er på tur til Kongsbu.

Representant frå Norsk tipping kom med helsing. Han informerte om ulike prosjekt Bokn hadde fått tippemidler til gjennom åra.  

Tor Harald Alvestad helste frå Røde Kors i Bokn, han hadde med seg eit førstehjelpsskrin som gåve til hytta.

Det blei servert pølser og brus, og kaffe og kake til dei av dei frammøtte.  

Det er fint å ha ei hytte som ligg såpass nær at både små og store klarer å gå dit. Vegen ut er ikkje ferdig ennå, men den er under arbeid. 

Ut på tur.

Alt om Kongsbu får du i facebookgruppa Kongsbu - Dagsturhytta i Bokn