SONG/VOKAL


Meld deg på vokalundervisning i Bokn kulturskule
 

Bildet viser: Song-/vokalundervising. Demonstrasjonsbilde. - Klikk for stort bileteSong-/vokalundervising. Demonstrasjonsbilde.

OM FAGET:

Er du glad i å synga og ynskjer å læra meir om korleis du kan få fram det beste i stemma di? 

Her får du undervisning ut frå alder, utvikling og musikalske interesser. Me jobbar blant anna med ulike teknikkar for stemmebruk, uttrykk, bruk av mikrofon og formidling gjennom eit variert repertoar. 

Undervisningen i sang kan veksla mellom individuell undervisning og fellesøkter med andre vokalelevar eller instrumentalelevar i samband med konsertar og samspel. 

Me ynskjer at elevane skal bli glade i å synga, læra, utrykka seg gjennom musikk og kjenna på meistring. 
 

ORGANISERING:

  • Alder: Frå 4. klasse og oppover.
  • Individuell undervisning, 20 minutt leksjon per veke.
  • Dag: Onsdagar.
  • Stad: Kulturskulen.

     

PROSJEKT/ARRANGEMENT:

Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet. Det er ikkje eit krav at ein må opptre, men det er forventa at elevane deltek anten som utøvar, medhjelpar og/eller publikum. 


LÆRAR:

Anne Tove Øvrebø


Velkommen som elev i det gode miljøet i Bokn kulturskule!

SØK HER

Bildet viser: Nokre av vokalelevane våre syng jula inn. Frå v.: Adelin Øvrebø, Annabell K. Våge, Mie B. Fiskaaen, Sara Stef. - Klikk for stort bileteNokre av vokalelevane våre syng jula inn. Frå v.: Adelin Øvrebø, Annabell K. Våge, Mie B. Fiskaaen, Sara Stef. Armand Svendsen