Slagverkundervisning. Demonstrasjonsbilde.OM FAGET:
Her vil du få den opplæringa du treng for å kunne bli ein god trommeslagar.
Undervisninga blir tilpassa etter nivå og musikalske interesser.
Du vil få ei variert undervisning med opplæring i mellom anna trommeteknikk, trommenotar, fills, ulike musikksjangrar, koordinasjon, puls/timing.
Slagverk utgjer sjølve grunngroovet i musikken og er eit perfekt instrument om du har lyst å spela i band eller korps.
Slagverk stimulerer koordinasjonsevna og samspelet mellom dei to hjernehalvdelane. Forsking seier at det å spela slagverk kan forbetra språk og mattematikk-forståing.
Når ein har grunnleggande ferdigheiter, kan kulturskulen tilby samspel og bandundervisning, slik at ein får utvikla talentet sitt i utøving med andre.
Me ynskjer at elevane skal bli glade i å spela, læra, utrykka seg gjennom musikk og kjenna på meistring.
INSTRUMENT:
Du bør ha trommesett å øva på heime.
Trommesett finst i fleire variantar og storleikar. Elektisk trommesett kan vera eit alternativ til øving heime (lågt støynivå), ein må berre vera klar over at følelsen til eit akustisk/vanleg sett forsvinn noko. Dersom du er usikker på kva du bør ha, er kulturskulen gjerne behjelpeleg med råd og veileiing med tanke på innkjøp av eit passande instrument.
ORGANISERING:
- Alder: Frå 3. klasse og oppover.
- Individuell undervisning, 20 minutt leksjon per veke.
- Dag: Torsdagar mellom kl. 14:30 og 19:00.
- Stad: Kulturskulen.
PROSJEKT/ARRANGEMENT:
Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet. Det er ikkje eit krav at ein må opptre, men det er forventa at elevane deltek anten som utøvar, medhjelpar og/eller publikum.
LÆRAR:
Vikar: Donald Sefa.
Velkommen som elev i det gode miljøet i Bokn kulturskule!
SØK HER