OM FAGET:
Piano. Demonstrasjonsbilde.Dette er plassen for deg, anten du er nybegynnar eller vidarekommen.
Undervisninga tek utgangspunkt i den klassiske notebaserte musikktradisjonen, men òg den rytmiske tradisjonen, som kan vera noko meir gehørbasert. Undervisninga og lærestoffet vil vera variert og spenna over ulike sjangar og stilartar, som til dømes populærmusikk, folkemusikk og stykke av klassiske komponistar.
Når ein har grunnleggande ferdigheiter, kan kulturskulen tilby samspel og bandundervisning, slik at ein får utvikla talentet sitt i utøving med andre.
Me ynskjer at elevane skal bli glade i å spela, læra, utrykka seg gjennom musikk og kjenna på meistring.
INSTRUMENT:
Det er viktig at du har piano å øva på heime.
Gjerne eit akustisk piano, eller eit el-piano med vekta tangentar. Dersom du er usikker på kva du bør ha, er kulturskulen gjerne behjelpeleg med råd og veileiing med tanke på innkjøp av eit godt instrument.
ORGANISERING:
- Alder: Frå 1. klasse og oppover.
- Individuell undervisning, 20 minutt leksjon per veke.
- Dag: Tysdagar og onsdagar.
- Stad: Kulturskulen.
PROSJEKT/ARRANGEMENT:
Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet. Det er ikkje eit krav at ein må opptre, men det er forventa at elevane deltek anten som utøvar, medhjelpar og/eller publikum.
LÆRAR:
Venevil Birkelund
Velkommen som elev i det gode miljøet i Bokn kulturskule!
SØK HER