MUSIKKPRODUKSJON - NYTT TILBOD FOR SKULEÅRET 2026/2027


Meld deg på musikkproduksjon i Bokn kulturskule
 


OM FAGET:

Bildet viser: Musikkproduksjon. Demonstrasjonsbilde. - Klikk for stort bileteMusikkproduksjon. Demonstrasjonsbilde.

I musikkproduksjon lærer elevane å laga eigen musikk ved hjelp av digitale verktøy. Me jobbar med elektronisk musikk, beatmaking og utvikling av eigne låtidéar.

Elevane får prøva seg på innspeling av lyd, lydopptak, miksing og enkel lydredigering. Me utforskar også lyddesign, bruk av effektar og korleis me kan bygga opp ein ferdig produksjon.

I tillegg vil du få ein introduksjon til DJ-teknikk, der du lærer om miksing av låtar og overgangar mellom musikk. 

Faget legg vekt på kreativitet, utforsking og samarbeid, og gir elevane moglegheit til å utvikla sitt eige musikalske uttrykk. 

Du treng ikkje forkunnskapar for å kunne delta.
 

UTSTYR:

Du må ha: Hodetelefonar, laptop eller Ipad og programmet GarageBand (eller liknande).
Du kan få hjelp med innstallering av app/programvare.

Det kan vera kjekt med eit enkelt MIDI-brett, men det er ikkje eit krav. 


ORGANISERING:

  • Alder: 5. klasse til 18 år.
  • Organisering etter påmelding.
  • Gruppeundervisning 2-3 elevar 30-45 min. pr. veke, eventuelt individuell undervisning, 20 minutt leksjon per veke. Inndeling i grupper etter alder.
  • Dag: Torsdagar mellom kl. 14:30 og 19:00.
  • Stad: Kulturskulen. 

 

PROSJEKT/ARRANGEMENT:

Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet. Det er ikkje eit krav at ein må opptre, men det er forventa at elevane deltek anten som utøvar, medhjelpar og/eller publikum. 


LÆRAR:

Donald Sefa


Velkommen som elev i det gode miljøet i Bokn kulturskule!

SØK HER