GITAR


Meld deg på gitarundervisning i Bokn kulturskule


 

Bildet viser: Gitarundervisning. Demonstrasjonsbilde.  - Klikk for stort bileteGitarundervisning. Demonstrasjonsbilde.

OM FAGET:

Her vil du få den opplæringa du treng for å kunne bli ein god gitarist.
Me tilbyr undervisning på alle nivå, anten du er nybegynnar eller vidarekomen, og anten du vil spela akustisk eller elektrisk gitar.
Undervisninga blir tilpassa etter ferdigheitsnivå og musikalske interesser. Du vil mellom anna læra akkordar, tabulatur, improvisasjon, samspel og teknikkar - under god personleg veileiing og i eige tempo.  

Gitar er eit populært og anvendeleg instrument som kan brukast i dei fleste musikksjangrar og som soloinstrument, i samspel med andre instrument, eller som akkompagnement til eigen song m.m..

Når ein har fått grunnleggande ferdigheiter, kan kulturskulen tilby samspel og bandundervisning, slik at ein får utvikla talentet sitt i utøving med andre.  

Me ynskjer at elevane skal bli glade i å spela, læra, utrykka seg gjennom musikk og kjenna på meistring. 


INSTRUMENT:

Det er viktig at du har gitar å øva på heime. 
Det finst fleire variantar gitar å velja mellom. Dersom du er usikker på kva du bør ha, er gitarlæraren gjerne behjelpeleg med råd og veileiing med tanke på innkjøp av eit godt instrument. 
Det er også mogleg å leiga klassisk gitar (nylon) av kulturskulen. 
 

ORGANISERING:

  • Alder: Frå 3. klasse og oppover.
  • Individuell undervisning, 20 minutt leksjon per veke.
  • Dag: Torsdagar mellom kl. 14:30 og 19:00.
  • Stad: Kulturskulen.
     
     

PROSJEKT/ARRANGEMENT:

Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet. Det er ikkje eit krav at ein må opptre, men det er forventa at elevane deltek anten som utøvar, medhjelpar og/eller publikum. 


LÆRAR:

Donald Sefa


Velkommen som elev i det gode miljøet i Bokn kulturskule!

SØK HER