Formingsverkstaden. Demonstrasjonsbilde.OM FAGET:
I Formingsverkstaden vil me laga dekorative og kjekke bruks- og pyntegjenstandar av mykje forskjellig materiale. Kreative prosjekt kor me lagar nye ting, men også redesign.
Faget vil vera som ein “juleverkstad”, kor me får laga veldig mykje forskjellig i løpet av året.
Her vil det vera noko for ein kvar. Fine ting som ein kan ta med heim, eller gi bort i gåve.
Fokus på skaparglede og sosialt fellesskap i eit triveleg miljø.
Du vil få god individuell rettleiing gjennom oppgåvene som blir gitt.
Likar du å utfalda deg og laga ting med hendene, er dette plassen for deg!
Det er berre å gleda seg til kjekke produkt!
PROSJEKT/ARRANGEMENT:
I løpet av skuleåret vil me ha utstillingar/prosjekt der elevane får visa fram arbeidet sitt.
Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet, og det er forventa at elevane deltek på desse som utøvar, medhjelpar og/eller publikum.
ORGANISERING:
- Alder: Frå 1. - 10. klasse.
- Gruppeundervisning. Gruppene blir delt inn etter alder.
- Varigheit: 60 min. kvar veke, eller 120 min. anna kvar veke, litt etter korleis påmeldinga blir.
- Dag: Tysdagar i tidsrommet 14:30 - 17:30.
- Stad: Kulturskulen.
Undervisningstilbodet blir avhalde dersom nok påmelde.
INSTRUKTØR:
Amalie Våga
Velkommen til det gode miljøet i Bokn kulturskule!
SØK HER