FLØYTE


Meld deg på fløyteundervisning i Bokn kulturskule


OM FAGET:

Bildet viser: Fløyteundervisning. Demonstrasjonsbilde. - Klikk for stort bileteFløyteundervisning. Demonstrasjonsbilde.

Her vil du få den personlege veileiinga du treng for å kunne bli ein god fløytist. Du vil få opplæring i teknikk og spele etter både notar og gehør. Repertoaret blir tilpassa alder og nivå, og kan til dømes omfatta moderne musikk og folkemusikk frå ulike delar av verda.

Samspel vil vera ein viktig del av undervisninga. Du speler saman med læraren din, men kan også inngå i andre samspelssituasjonar med andre elevar i mindre og større grupper.

Me ynskjer at elevane skal bli glade i å spela, læra, utrykka seg gjennom musikk og kjenna på meistring. 

Sjekk denne flotte trioen på Youtube.com


INSTRUMENT:

Blokkfløyte er eit instrument med lange tradisjonar. Den finst i ulike storleikar og variantar, med ulik klang. I kulturskulen si blokkfløyteundervisning startar ein som regel med sopranblokkfløyte. Etter kvart kan ein halda fram på større fløyter som alt-, tenor- og bassblokkfløyte.

Du må ha eiga fløyte å spela på, slik at du får øvd heime. Ved kjøp av fløyte, kan lærar vera behjelpeleg med råd og veileiing med tanke på eit godt og passande instrument. Om ønskeleg, kan ein få kjøpa fløyte via kulturskulen. Instrumentet blir då fakturert på same faktura som kontingenten for gjeldande semester.


ORGANISERING:

  • Alder: Frå 1. klasse og oppover.
  • Individuell undervisning, 20 minutt leksjon per veke.
  • Dag: Tysdagar og onsdagar.
  • Stad: Kulturskulen.

     

PROSJEKT/ARRANGEMENT:

Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet. Det er ikkje eit krav at ein må opptre, men det er forventa at elevane deltek anten som utøvar, medhjelpar og/eller publikum. 


LÆRAR:

Venevil Birkelund


Velkommen som elev i det gode miljøet i Bokn kulturskule!

SØK HER