«A Magical Moment» - Julekonsert med Hanne Krogh, Johnny Logan, Thomas Ruud, Boknakoret og Aksang i Bokn Arena, desember 2018.
Anne Brit Solland
«A Magical Moment» - Julekonsert med Hanne Krogh, Johnny Logan, Thomas Ruud, Boknakoret og Aksang i Bokn Arena, desember 2018.
Anne Brit Solland
Seniorperler m/Hanne Krogh, Boknakoret og Aksang, Tysværtunet september 2019.
Alf-Einar Kvalavåg
OPPLEV SONGGLEDE OG MEISTRING SAMAN MED ANDRE
Her får du trening i stemmebruk, fleirstemt song og god øving i å lytta og skapa harmoniar og musikk saman med andre.
Du må ikkje ha forkunnskapar eller kunne notar for å vera med. Songgleda og det sosiale er i fokus!
Forskning viser at korsong har store helsefordelar, både fysisk og psykisk. Song utløyser velværehormoner og dempar stress, gir styrkt tilhøyrsle og betring av pust og haldning.
Boknakoret har eit godt og triveleg samarbeid med koret, Aksang, og me opptrer og øver alltid saman - anna kvar tysdag i Bokn og i Aksdal.
Me syng låtar me likar, og repertoaret spenner gjerne frå kjende pop-, soul/funk-, country- og gospellåtar, shanty's, viser og folketonar - på norsk og engelsk.
Kora deltek ofte på lokale arrangement i Bokn og Tysvær og har som regel eigne arrangement i løpet av hausten og/eller våren - og me kosar oss også gjerne med ein sosial happening eller to i løpet av året.
Me har gjort konsertar og opptrinn saman med nasjonale og internasjonale artistar, som til dømes Hanne Krogh, Johnny Logan, Ana-Lisa Kumoji, Heine Totland, tenorane Thomas Ruud, Marius Roth Christensen, Jan Erik Fillan og strykarar frå Munor.
Boknakoret og Aksang under Bokn kommune si 175-årsmarkering i Bokn Arena, mars 2025.
Anne Tove Øvrebø
TIDSPUNKT FOR ØVINGANE:
Tysdagar.
Bokn: 19:00 - 21:00.
Aksdal: 19:30 - 21:30.
Me øver anna kvar gong i auditoriet i Bokn og på Tysværtunet i Aksdal, og organiserer oss gjerne i forhold til køyring.
Av og til må me ha det litt "ekstra". Boknakoret & Aksang
Anne Tove Øvrebø
DIRIGENT / PIANIST:
Anne Tove Øvrebø / Lars Johannes Liknes
MELD DEG INN HER