OM FAGET:
Bassundervisning. Demonstrasjonsbilde.Her vil du få den opplæringa du treng for å kunne bli ein god bassist.
Me tilbyr undervisning anten du er nybegynnar eller vidarekomen.
Bass er eit enkelt instrument å starta med, og ein kan læra å spela mykje på kort tid.
Eit perfekt instrument om du har lyst å spela i band.
Bass blir gjerne sett på som eit rytmisk instrument, som saman med slagverk, utgjer sjølve grunngroovet i musikken. Bass kan også brukast som eit melodisk solistinstrument.
Undervisninga blir tilpassa etter ferdigheitsnivå og musikalske interesser. Du vil mellom anna læra tabulatur, improvisasjon, samspel og ulike speleteknikkar - under god personleg veileiing og i eige tempo.
Når ein har fått grunnleggande ferdigheiter, kan kulturskulen tilby samspel og bandundervisning, slik at ein får utvikla talentet sitt i utøving med andre.
Me ynskjer at elevane skal bli glade i å spela, læra, utrykka seg gjennom musikk og kjenna på meistring.
INSTRUMENT:
Du må ha eigen bass å øva på heime.
Bass finst i storleiken ¾- og 4/4-skala og det er viktig at ein har eit instrumentet som passar til eigen kroppsstorleik. Dersom du er usikker på kva du bør ha, er læraren gjerne behjelpeleg med råd og veileiing i høve til innkjøp av eit passande og godt instrument.
ORGANISERING:
- Alder: Frå 3. klasse og oppover.
- Individuell undervisning, 20 minutt leksjon per veke.
- Dag: Torsdagar mellom kl. 14:30 og 19:00.
- Stad: Kulturskulen.
PROSJEKT/ARRANGEMENT:
Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet. Det er ikkje eit krav at ein må opptre, men det er forventa at elevane deltek anten som utøvar, medhjelpar og/eller publikum.
LÆRAR:
Donald Sefa
Velkommen som elev i det gode miljøet i Bokn kulturskule
SØK HER
Amalie Våge Vikøren med eigen bassgitar.
Anne Tove Øvrebø