TEIKNEKURS 3


Meld deg på teiknekurs i Bokn kulturskule!


For ungdom (frå 8. klasse) og vaksne 


Søknadsfrist: 15. juni
 


 

Bildet viser: Teiknekurs 3. Demonstrasjonsbilde. - Klikk for stort bileteTeiknekurs 3. Demonstrasjonsbilde.

Er du glad i å teikna, er dette kurset midt i blinken!


Kurset passar både for nybegynnarar og for deg som kan teikna frå før.

Her får du oppleva teikneglede i kombinasjon med opplæring i ulike teknikkar og ferdigheiter som gjer deg til ein betre teiknar.

Du vil læra grunnleggande teknikkar med blyantar og fargar, og me utforskar kombinasjonen penn saman med blyant og fargeblyantar. 
Me øver på å få fram ulike effektar i motiv, som til dømes skyggelegging, kontrastar og dimensjonar. Me jobbar med ulike former, proporsjonar, forstørring/forminsking, plassering/komposisjon og overflate/struktur. Samt finne det me er sterke på, som kan gi kunstverket eit personleg “touch”.

Du vil få individuell rettleiing og god tid til å øva på ferdigheitene gjennom oppgåvene som blir gitt i løpet av kurset.
 

Type:
Gruppeundervisning. 4 - 8 deltakarar.

Stad:
Bokn kulturskule/Bokn skule.

Tidspunkt:
Kurset vil gå føre seg onsdagar og vil vare i 60 minutt i tidsrommet 15:00-18:00.

Varigheit:
8 ettermiddagar.
Kurset går over eitt semester, men er i staden for økter på 30 minutt, komprimert til 8 gonger á 60 minutt.

Kursdatoar:
September:
Onsdag 11. september
Onsdag 18. september
Onsdag 25. september

Oktober:
Onsdag 2. oktober
Onsdag 16. oktober
Onsdag 23. oktober
Onsdag 30. oktober

November:
Onsdag 6. november

Me lagar ei utstilling av kunstverka frå kurset ved avslutning av haustsemesteret, i eit felles prosjekt for heile kulturskulen. 

Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet, og det er forventa at elevane deltek på desse som utøvar og/eller publikum.


Materiell:
Du må sjølv kjøpa materiell til første undervisningstime. 
Kulturskulen held fargeblyantar. Øvrig materiell er ikkje inkludert i kursavgifta. 
Kulturskulen er behjelpeleg dersom du treng tips til kor du kan få tak i materiell.

Du må ha:

  • Teikneblokk A3.
  • Skisseblokk A4.
  • Blyantar: HB, 2B, 4B og 6B.
  • Svart filtpenn.
  • Viskelær.
     


Kursavgift:
Under 18 år: Kr 1 084.
Frå 18 år: Kr 1 625.

Påmelding til kurset er bindande. 
Du får svar om du har fått plass kort tid etter påmeldingsfristen.

Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet og/eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar. 

Kurset blir fakturert saman med utsending av faktura for aktivitet i kulturskulen hausten 2024.

Kurset blir avhalde dersom nok påmelde.

Instruktør:
Hibbi Mannes

Søk her