Song-/vokalundervising. Demonstrasjonsbilde.Vil du bli ein betre songar?
Er du glad i å synga og ønsker å læra meir om korleis du kan få fram det beste i stemma di?
Ønsker du å utvikla deg som songar og kjenna på songglede saman med andre, eller vil du synga solo og ha råd og hjelp gjennom ein-til-ein-timar?
Bokn kulturskule har 2 tilbod i song:
- Solosong (for alle i alderen 4. klasse - 100 år)
- Duo/gruppe (for alle i alderen 1. - 4. klasse)
Solosong:
Tilpassa undervisning som utviklar deg som songar, ut frå alder, ønske og behov.
Me jobbar blant anna med stemmebruk, klang, intonasjon, rytmikk, dynamikk, uttrykk, mikrofonbruk og formidling gjennom eit variert repertoar.
Songundervisning vil gi moglegheit for samarbeid og samspel med andre instrument/samspelsamansettingar.
Individuell undervisning, 20 min. leksjonar pr. veke.
(Eventuelt komprimert undervisning med 30 min. leksjonar pr. veke - etter avtale med instruktør).
Eigenandel/pris pr. semester:
Kr 1 300.
Duo/gruppe:
Tilbodet passar for alle som er glade i å synga.
Gruppa/duoen blir sett saman etter alder.
Målet er å gi ei innføring i grunnleggande songteknikk og formidling, der du skal få kjenna på songglede og meistring i samspel med andre.
Opplæring gjennom arbeid med repertoar frå ulike sjangrar, unison og fleirstemt song, song med akkompagnement og a cappella. Me vil jobba med intonasjon, klang, formidling, samt introduksjon av grunnleggande rytme og notar.
Songundervisning vil gi moglegheit for samarbeid og samspel med andre samspelsamansettingar.
Stad, dag og tidspunkt:
- Stad: Kulturskulen.
- Onsdagar (og/eller måndag) ettermiddag/kveld.
Type:
Gruppeundervsining, 30 min. leksjonar pr. veke.
Eigenandel/pris pr. semester:
Kr 1 084.
Generell info:
Påmeldinga er bindande.
Du får svar om du har fått plass kort tid etter søknadsfristen. Dersom du har fått plass, vil du motta e-post med nærare informasjon og nøyaktig tidspunkt for timen.
Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet, og/eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar.
Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet, og det er forventa at elevane deltek på desse som utøvar og/eller publikum.
Instruktør:
Anne Tove Øvrebø
Søk her for: SOLOSONG
Søk her for: SONGGRUPPE