Pianoundervisning. Demonstrasjonsbilde.Lær å spela piano, eller hald fram med å utvikla talentet ditt.
Dette er plassen for deg, anten du er nybegynnar eller vidarekommen!
Undervisninga tek utgangspunkt i den klassiske notebaserte musikktradisjonen, men òg den rytmiske tradisjonen, som kan vera noko meir gehørbasert. Undervisninga og lærestoffet vil vera variert og spenna over ulike sjangar og stilartar, som til dømes populærmusikk, folkemusikk og stykke av klassiske komponistar.
Undervisning på piano kan gi mulighet for samspel med andre pianistar eller i andre samspelsamansettingar.
Det er viktig å ha eit piano å øva på heime. Gjerne eit akustisk piano, eller eit el-piano med vekta tangentar.
Stad, dag og tidspunkt:
- Stad: Kulturskulen (eller etter avtale).
- Tysdag og onsdag ettermiddag.
Individuell undervisning, 20 minutt leksjonar pr. veke.
Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet, og det er forventa at elevane deltek på desse som utøvar og/eller publikum.
Eigenandel/pris pr. semester:
Kr 1 300.
Nødvendig undervisningsmateriell som t.d. notebøker kjem evt. i tillegg til semesteravgifta og vil i tilfelle bli lagt til på same faktura som semesteravgifta.
Påmeldinga er bindande.
Du får svar om du har fått plass kort tid etter søknadsfristen. Dersom du har fått plass, vil du bli kontakta for nærare avtale om tidspunkt for time.
Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet, eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar.
Lærar:
Venevil Birkelund
Søk her