Gitargruppe. Demonstrasjonsbilde.Har de lyst å vera dei nye "gitarkameratane"?
Her vil de få undervisning tilpassa nivå, mål og ønske.
Inndeling av grupper etter alder og nivå. Dersom de er fleire som ønsker å gå saman, kan du skriva inn kven du ønsker å vera på gruppe med i kommentarfeltet i søknadsskjemaet, så prøver me å etterkomma ønske så godt det let seg gjera.
Det er viktig å ha gitar å øva på heime.
Gruppeundervisninga kan gi moglegheit for avtale om øvingsrom for gruppa i for- eller etterkant av undervisninga.
Stad, dag og tidspunkt:
- Stad: Kulturskulen.
- Torsdagar mellom kl. 14:30 og 19:00.
Gruppeundervisning, 30 minutt leksjonar pr. veke.
Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet, og det er forventa at elevane deltek på desse som utøvar og/eller publikum.
Eigenandel/pris pr. semester:
Under 18 år: Kr 1 084.
Frå 18 år: Kr 1 625.
Nødvendig undervisningsmateriell som t.d. notebøker kjem evt. i tillegg til semesteravgifta og vil i tilfelle bli lagt til på same faktura som semesteravgifta.
Du får svar om du har fått plass kort tid etter søknadsfristen. Dersom du har fått plass, vil du motta e-post med nærare informasjon og nøyaktig tidspunkt for timen.
Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet, eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar.
Gruppeundervisninga er med atterhald om nok påmelde.
Instruktør:
Donald Sefa.
Søk her