FIOLIN


Meld deg på fiolinundervisning i Bokn kulturskule!


For nybegynnarar i alderen 1. klasse og oppover.


Søknadsfrist: Open

Fiolinundervisning. Demonstrasjonsbilde. - Klikk for stort bileteFiolinundervisning. Demonstrasjonsbilde.

Lær å spela fiolin

Her vil du få opplæring i god fiolinteknikk, klang, intonasjon, rytmikk, notar, improvisasjon, musikalitet og musikk- og sjangerforståing. 
Du vil få ei variert og utviklande undervisning i samspel med instruktøren din.
Undervisning i fiolin vil også gi moglegheit for samspel med andre elevar eller samspelssamansettingar i kulturskulen. 

Fiolin er eit spanande og nydeleg instrument som kan nyttast både i klassisk og populærmusikk. 

Du må ha eigen fiolin. 
Fiolin kan ein få i små storleikar, difor kan ein starta tidleg på dette instrumentet. Det er viktig at ein har eit instrument som er tilpassa eigen storleik. Ein må gjerne rekne med at fiolinen må bytast ut med 1 - 2 års mellomrom medan ein er i veksestadiet. 
Kulturskulen er gjerne behjelpeleg med råd og veileiing i forhold til innkjøp av passande instrument.


Stad, dag og tidspunkt:

  • Stad: Kulturskulen.
  • Onsdagar (og måndagar) i tidsrommet 12:30/14:30 - 20:00.


Individuell undervisning, 20 minutt leksjonar pr. veke.

Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet, og det er forventa at elevane deltek på desse som utøvar og/eller publikum.


Eigenandel/pris pr. semester:
Kr 1 300.

Nødvendig undervisningsmateriell som t.d. notebøker kjem evt. i tillegg til semesteravgifta og vil i tilfelle bli lagt til på same faktura som semesteravgifta.

Påmeldinga er bindande. 
Du får svar om du har fått plass kort tid etter søknadsfristen. Dersom du har fått plass, vil du motta e-post med nærare informasjon og nøyaktig tidspunkt for timen.

Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet, eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar. 

Svært avgrensa med plassar.
 

Søk her