DISC JOCKEY


Meld deg på DJ-undervisning i Bokn kulturskule!


For alle i alderen 1. klasse - 100 år


Søknadsfrist: 15. juni
 


Vil du bli DJ?

Bildet viser: DJ. Demonstrasjonsbilde. - Klikk for stort bileteDJ. Demonstrasjonsbilde.

Her får du opplæring i det du treng for å kunne bli ein utøvande DJ! 
Undervisninga vil blant anna gi opplæring i mixing, beatmatching, scratching og digital programvare.

Les meir om kurset her: DJ-kurs beskrivelse (PDF, 22 kB)

Du treng ikkje forkunnskapar for å kunne delta, men du må ha Ipad eller PC/MAC og brukarkonto på musikk-strømmetenesta, Tidal. 
Du vil få hjelp med innstallering av app/programvare.

Det kan vera ein fordel å investera i DJ-kontroller for autentisk jobbing og læring, men det går fint å starta utan og jobba via app/program på Ipad/PC/MAC - og eventuelt kjøpa DJ-kontroller etter kvart, om det er ønskeleg.

Avgrensa med plassar.


Stad, dag og tidspunkt:

  • Stad: Kulturskulen.
  • Torsdagar mellom kl. 14:30 og 19.00.


Individuell undervisning, 20 minutt leksjon pr. veke.

Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet, og det er forventa at elevane deltek på desse som utøvar og/eller publikum.


Eigenandel/pris pr. semester:
Kr 1 300.

Påmeldinga er bindande. 
Du får svar om du har fått plass etter søknadsfristen. Dersom du har fått plass, vil du motta e-post med nærare informasjon og nøyaktig tidspunkt for timen.

Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet, eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar. 
 

Instruktør:
Donald Sefa.

Søk her