Bassundervisning. Demonstrasjonsbilde.Lær å spela bass
Her vil du få den opplæringa du treng for å kunne bli ein god bassist!
Opplæring i tabulatur og besifring, koordinasjon, rytme/puls/timing, grooves, riff, improvisasjon, musikalitet og musikk- og sjangerforståing.
Dette er plassen for deg, anten du er nybegynnar eller vidarekomen.
Tilpassa og utviklande undervisning etter nivå og ønske - i samspel med instruktøren.
Undervisning i bass vil også gi moglegheit for samspel i andre samspelsamansettingar.
Du må ha eigen bass å øva på heime. Bass finst i storleiken ¾ skala og 4/4 og det er viktig at ein har eit instrumentet som passar til eigen kroppsstorleik. Kulturskulen er gjerne behjelpeleg med råd og veileiing i forhold til innkjøp av passande instrument.
Stad, dag og tidspunkt:
- Stad: Kulturskulen.
- Torsdagar mellom kl. 14:30 og 19:00.
Individuell undervisning, 20 minutt leksjonar pr. veke.
Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet, og det er forventa at elevane deltek på desse som utøvar og/eller publikum.
Eigenandel/pris pr. semester:
Kr 1 300.
Nødvendig undervisningsmateriell som t.d. notebøker kjem evt. i tillegg til semesteravgifta og vil i tilfelle bli lagt til på same faktura som semesteravgifta.
Påmeldinga er bindande.
Du får svar om du har fått plass kort tid etter søknadsfristen. Dersom du har fått plass, vil du motta e-post med nærare informasjon og nøyaktig tidspunkt for timen.
Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet, eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar.
Instruktør:
Donald Sefa.
Søk her