Bandundervisning. Demonstrasjonsbilde.Her vil du få utøva pop og rock i godt samspel med andre
Bandet blir sett saman etter instrumentønske, alder og nivå.
4 - 8 elevar i gruppa.
Udervisning på instrumenta song/vokal, piano, gitar, bass og trommer.
Kva skal me jobba med:
Du vil få opplæring i akkordprogresjonar, besifring, tabulatur og grunnleggande notelære - tilpassa ditt instrument. Toneartar og forteikn, rytmikk, taktartar, dynamikk, intonasjon, klang, uttrykk, stilforståing og formidling. Me jobbar saman med å forma musikken for å få fram det utrykket me ønsker å formidla.
Du må ha instrument/utstyr å øva på heime. Du treng ikkje å ha med instrument til bandtimen.
Ved påmelding må du skriva ønska instrument i prioritert rekkefølge.
Me gjer vårt ytste for å imøtekomma instrumentønske, men det er ikkje garanti for at du får førsteønsket ditt.
Stad, dag og tidspunkt:
- Stad: Kultulturskulen.
- Onsdagar mellom kl. 18:00 og 21:00.
Gruppeundervisning, 30-45 minutt leksjonar pr. veke.
Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet, og det er forventa at elevane deltek på desse som utøvar og/eller publikum.
Eigenandel/pris pr. semester:
Under 18 år: Kr 1 084.
Frå 18 år: Kr 1 625.
Nødvendig undervisningsmateriell som t.d. notebøker kjem evt. i tillegg til semesteravgifta og vil i tilfelle bli lagt til på same faktura som semesteravgifta.
Du får svar om du har fått plass kort tid etter søknadsfristen. Dersom du har fått plass, vil du motta e-post med nærare informasjon og nøyaktig tidspunkt for timen.
Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet, eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar.
Instruktør:
Harald Levang og Anne Tove Øvrebø.
Søk her