Teiknekurs: 1. - 3. klasse


Søknadsfrist: Tysdag 28. mars 2023


Kursoppstart måndag 17. april

Bildet viser Demonstrasjonsbilde "Teiknekurs 1. - 3. klasse" - Klikk for stort bileteDemonstrasjonsbilde "Teiknekurs 1. - 3. klasse".


Kva går kurset ut på:
Er du glad i å teikna?
Dette er eit kurs der du får vera kreativ og leika deg med blyant, testa dine kunstneriske evne og utvikla talentet ditt.
Me lærer oss "å sjå godt etter kva det er me ser" når me skal laga eit kunstverk. Du vil læra grunnleggande teikneteknikkar. Me lagar eit bilete til utstilling der me brukar dei teknikkane me har lært på kurset. Storleiken på biletet blir A4.

Utstilling av kunstverk frå kurset i Bokn Arena 11. juni.

Materiell er inkludert i prisen.

Kursdatoar, tidspunkt og stad:
April:
Måndag 17. april kl. 13:15 - 14:15.
Måndag 24. april kl. 13:15 - 14:15.

+ Utstilling av kunstverk under kulturskulekonsert i Bokn Arena sundag 11. juni kl. 16:00.
Ein må pårekna oppmøte ca. kl. 15:00 denne dagen. (Med atterhald om endringar).

Stad for kurset:
Bokn kulturskule.

Kursavgift:
585 kr inkl. kursmateriell.

Påmelding til kurset er bindande. 
Du får svar om du har fått plass kort tid etter søknadsfristen. Dersom du har fått plass, vil du motta betalingsinformasjon.

Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet og 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar. 

Kursavgifta må vera betalt før kursstart.

Kurset blir avhalde dersom nok påmelde.

Instruktør:
Hibbi Mannes

Meld deg på her