Legekontor1. Kva tilbyr me?Bokn legekontor har ope 3 dagar i veka. Kontoret er bemanna med kommunalt tilsett lege og sjukepleiar. Kontoret utfører alle vanlege prosedyrar, i tillegg til:- FørarkortattestarVed planlagd stenging av kontoret (feriar og kurs) vil telefonsvarar og oppslag informere om kven som er vikar, eller om du må kontakte legevakt. Me freistar å annonsera stenging av legekontoret i god tid slik at du som treng å ordne reseptar, sjukemelding, attestar m.m. kan få gjort det her. Me ber om at vikarordninga berre vert brukt for det som ikkje kan venta til Bokn legekontor er ope igjen.2. Kven kan få tilbodet?Du som står på fastlegelista til Bokn legekontor.3. Korleis få tilbodet?Kontaktinformasjon:Bokn legekontor Telefon: 52 75 25 40 Besøksadresse: Boknatunvegen 39, 5561 Bokn Boknatun, 2.etg ved helsestasjonen Opningstid: tysdag, onsdag og fredag kl. 08.00 – 15.00 Telefontid: tysdag, onsdag og fredag kl. 09.00 – 11.00 og kl. 13.00 – 14.004. Slik søkjer duDu kan bestille timeo på nett: http://helserespons.no/web/bokn/internettbestilling/o på telefon 52 75 25 40o ved personleg oppmøte5. Kva kostar det?Du må betale eigenandel når du går til lege. Egenandel hos lege - Helsenorge6. Klage Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.noPasient- og brukerombudet7. Lover og reglarFastlegeordningen - regjeringen.noPasientrettigheter i fastlegeordningen - Helsedirektoratet Sist endra 13.07.2026 11.21