Rådgjevande eining for russaker

Rådgivande eining for russaker vart oppretta for å gi eit helsefagleg og førebyggjande alternativ til straff for personar som blir tekne med eller bruker narkotika. 
Eininga vart lovpålagd for alle kommunar 1. juli 2022.

1. Kva tilbyr me?
-    Informasjon, råd og rettleiing knytt til moglege konsekvensar kring bruk av rusmidlar
-   Kartlegging av kva tenester og oppfølging du treng
-   Informasjon om kva hjelpetilbod som finns, og tilbod om tilrettelagd individuell oppfølging. Dersom det er ønskjeleg med vidare oppfølging vil dette skje i det ordinære tenestetilbodet. Den rådgjevande eininga kan kontakte aktuelle instansar etter samtykke frå deg. 
-   Tilbod om utredning av andre tenester, til dømes oppfølgingstilbod frå NAV 

Innhald frå møte i rådgjevande eining blir ikkje journalført i kommunen sitt journalsystem. Sjølv om eininga er ein del av helse- og omsorgstenesta, er ikkje samtalen ei yting av individuell helsehjelp.
Registrering av oppmøte er personsensitive opplysningar og lagrast i samsvar med dei krav som gjeld for slike opplysningar.
 

2. Kven kan få tilbodet?
Dersom du vert teken for å bruka eller ha mindre mengder illegale rusmiddel tenkt til eigen bruk, og ikkje er rusmiddelavhengige eller har kjent rusmiddelproblematikk kan du måtte møta hos kommunal rådgjevande eining for russaker. 
Det er påtalemyndigheita som vedtek om du skal møta her i staden for fengselsstraff eller bot. 
Oppmøtet er regulert etter Helse- og omsorgstenestelova og Lov om straff. Dersom du har spørsmål eller det er uklarheiter rundt sjølve vilkåret for at du må møta, må du venda deg direkte til påtalemakta (politiet) i Sør-Vest politidistrikt.
Rådgivande eining skal senda melding til påtalemakt /politidistriktet dersom du ikkje har møtt ved eininga.
 

3. Korleis få tilbodet?
I Bokn kommune er rådgjevande eining for russaker organisert i koordinerande eining helse.
Kontaktinformasjon:

Leiar koordinerande eining    Anne Grethe Amdal Osvåg    
                                                     Telefon: 468 61 866
                                                     E-post: annosv@bokn.kommune.no
                                                     Besøkadresse: Boknatunvegen 37, 5561 Bokn
                                                     Kontortid: torsdag kl. 08.00 – 15.30  

4. Slik søkjer du
Påtalemakta formidlar informasjon til Rådgjevande eining for russaker i kommunen. 
Eininga kallar deg inn til oppmøte.

5. Kva kostar det?
Tenesta er gratis.

6. Klage 
Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet
 

7. Lover og reglar
Rådgivende enhet for russaker - Helsedirektoratet
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) - Lovdata
Lov om straff (straffeloven) - Lovdata
Lov om konfliktrådsbehandling (konfliktrådsloven) - Lovdata