Informasjonsportal for E39 Bokn-Hope

Bilde frå informasjonsportalen. - Klikk for stort bileteBilde frå informasjonsportalen. vegvesen.no Statens vegvesen lanserer informasjonsportal for E39 Bokn-Hope.

– Vi ynskjer at folk som bur i området skal oppleva å få god oversikt slik at det skal vera lett å følga med, seier planleggingsleiar Henry Damman. 

Portalen vil innehalda kart, video og bilder og små tekstar, og han fungerer like godt på mobil som på PC eller nettbrett. 

- Vi er avhengig av god medverknad med folk som bur i planleggingsområdet. Dei kjenner området best. Prosjektet ynskjer god og open kommunikasjon og vi vil oppfattast som eit prosjekt som det er lett å ta kontakt med, seier Damman. 

Informasjonsportal for E39 Bokn-Hope

Informasjonsportalen er eit tillegg til prosjektets nettsider på vegvesen.no, og dei vil utfylla kvarandre.  

– Lansering av informasjonsportalen markerer at vi verkeleg er i gang med arbeidet med eit av Vestlandets mest spanande prosjekt, avsluttar Damman.