Informasjon til deg som skal røyste

I 2025 er det Stortingsval.  Sjølve valdagen er måndag 8.  september 2025, men kan du ikkje røyste på valdagen skal du få mange moglegheiter til å delta i valet allikevel. 

All informasjon du treng finn du under knappen Val 2025 - 8. september, og skulle du lure på noko så send ein e-post til post@bokn.kommune.no så vil vi sende deg svar på det du lurer på.

Det er viktig at så mange som mogleg får anledning til å røyste og også vel å røyste, då demokratiet er avhengig av di røyst som gir deg ein moglegheit til  å vere med på å bestemme korleis samfunnet skal styrast og utviklast.

(Trykk på dei ulike radene for å få meir informasjon om det du vil ha meir informasjon om. Trykk på rada igjen for å lukka).

Val 2025 - Informasjon til deg som skal røyste

Kven kan røyste?

Dette er krava du må oppfylle for å kunne røyste ved stortingsvalget 2025:

  • Ha fylt 18 år innan utgangen av valåret (2025)
  • Norsk statsborger
    • Er, eller har vært, registrert i folkeregisteret som busett i Norge.
      • Merk at dersom du har budd meir enn 10 år i utlandet må du søkje om å bli innført i manntalet igjen.
  • Norsk personale ved diplomatiske og konsulære stasjoner i utlandet har stemmerett uavhengig av om de er eller har vært folkeregistrert som bosatt i Norge. Det samme gjelder personalets husstandsmedlemmer.

 

For å utøve røysteretten må du vere innført i manntalet på valdagen.

Kva er manntalet?

Manntalet er ei oversikt over dei som har røysterett. Det er i den kommunen du er registrert i folkeregisteret 30. juni du har røysterett. Eit par veker seinare skal kommunen legge manntalet ut til offentleg ettersyn i servicetorget, slik at innbyggarane har moglegheit til få retta feil.

Dersom du har flytta til ein annan kommune og melding om flytting ikkje er motteke hos folkeregisteret innan 30. juni 2025, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå.

Manntalet blir lagt ut i servicetorget til offentleg ettersyn så snart det lar seg gjere.  Det kan forekomme feil i manntalet. Dersom du meiner det er feil i manntalet, enten at du sjølve er eller andre er uriktig innført i eller utelatt frå manntalet, kan du krevje at feilen blir retta. Krav om retting gjelder feil, ikke flytting etter 30. juni.

Krav om retting skal være skriftleg og begrunna og skal sendast til Bokn kommune, valstyret, Boknatunvegen 37, 5561 Bokn.

For norske statsborgarar busatt i utlandet, som ikkje har vært registrert i folkeregisteret som busett i Norge nokon gong i løpet av dei siste 10 åra før valdagen, er det tilstrekkeleg at dei faktisk har røysta for at dei skal førast inn i manntalet. Tidlegare måtte disse veljarane søkje om innføring i manntalet, men frå og med 2025 er dette endra til at dei faktisk har røysta.

Dersom du skal avgje røyst ved brevpost (brevrøystegjeving utanriks)  vil innføring i manntalet som regel skje ved at veljaren fyller ut og skriv under på omslagskonvolutten som blir brukt ved utenriks røystegjevning. Merk deg krava til brevrøyster som går fram av valgforskriften § 8-3

Røystegjevning må være valstyret i hende innan klokken 17.00 dagen etter valdagen.

Når kan du røyste?

Valdagen er måndag 8 september 2025.

  • Men du kan førehandsrøyste frå 11. august 2025 på ein del stader i kommunen.
  • Og er det vanskeleg for deg å få til det, er det mogleg å avgje tidlegrøyst på Servicetorget heilt frå 1. juli. Du må ringe Servicetorget på tlf. 52 75 25 00 for å avtale tid for tidlegrøysting. Ring tysdagar mellom kl. 10:00 til 14:00 eller onsdagar kl. 10:00 til kl. 13:30.

 

Vallokalet på sjølve valdagen vil vere ope frå 09.00 til 20.00.

Har du nedsett funksjonsevne?

Du skal kunne delta i valet utan å måtte ta omsyn til bevegelsesvanskar, svekka syn eller andre former for nedsett funksjonsevne. Servicetorget, Bokn Folkebibliotek og Bokn Arena er alle røystestader som er tilrettelagde for alle og universelt utforma.

Er det mogleg å røyste heimefrå?

Veljarar som ikkje greier å ta seg fram til eit røystelokale, enten det er lokale for førehandsrøysting i førehandsrøysteperioden eller på valdagen, kan be om å få gje sin røyst heimefrå. Søknad eller førespurnad om å få røyste heimafrå må innan 4. september 2025 sendast:

Bokn kommune v/Valstyret
Boknatunvegen 37
5561  BOKN eller per e-post til
post@bokn.kommune.no

Spørsmål kan også rettast til Servicetorget v/Gro A Sørensen eller Åse Helen Alvestad på tlf. 52752500.

Legitimasjon

Det er viktig at du har med deg legitimasjon. Det enklaste er bankkort med bilde, førarkort eller pass. Men det er ein del som ikkje har noko av delane. Då må du tenkje på kva som kan dokumentera at du er du – og som ikkje kven som helst elles kunne ha skaffa seg. Det er eit krav at legitimasjonen må ha eit visst offentleg preg og inneha minimum følgjande opplysningar:

  • bilde
  • namn
  • fødselsdato
Korleis fungerer røystegjevinga?

Hovudomsyn ved valordninga vår er at valet skal vere fritt og hemmelig. Det betyr at alle skal få moglegheit til å røyste, og at ingen skal ha innsyn i kva dei har røysta.

Ikkje eingong dine næraste kan forlange å få vete kva du har røysta – og endå mindre forsøkje å bestemme kva eller kven du skal røyste på.

Når du kjem inn i vallokalet, vil du bli møtt av ein valfunksjonær som viser deg til eit avlukke. Når du er komen inn dit, trekkjer du for forhenget. Du vil ha alle listene for Stortingsvalet 2025 foran deg.

Når du har funne lista til det partiet du ønskjer å røyste på, kan du ikkje retta på listene. 

Når du har vald røystesetel, bretter du røystesetelen saman med den skraverte sida ut, slik at ingen kan sjå kven du vil røyste på.

Ute av avlukket finn du vegen til dei som passer urna. Før du får leggje røystesetelen i urna, må dei finne deg i manntalet (lista over alle som kan røyste) på PCen sin. Derfor må du ha med deg legitimasjon.  Ved Stortingsvalet får ein nå ikkje tilsendt valkort som ved tidlegare val.

Når du er blitt identifisert og det er merka av i manntalet, skal røystesetelen stemplast, deretter kan du legge røystesetelen oppi urna.

Då har du gjort din innsats i valet.

Under førehandsrøystegjevinga, går dette på omtrent same måten, men røysta di og valkortet kan bli lagt i ein konvolutt (dersom du for eksempel røystar i ein annan kommune enn der du høyrer heime).

Dersom du treng hjelp i røystelokalet

I vallokalet kan du få med deg ein valfunksjonær eller ein annan ledsagar du har vald, inn i avlukket dersom du treng hjelp. Valfunksjonæren har sjølvsagt teieplikt. Person som har ein fysisk eller psykisk funksjonsnedsettjing kan også i staden eller i tillegg til valfunksjonæren be om hjelp frå ein sjølvutpeika ledsagar.

Korleis endrar du på røystesetelen?

Ved stortingsvalet 2025 kan du ikkje retta på kandidatlistene, du kan kun velgje røystesettel.

 

Når får ein resultatet av valet?

Det er ikkje adgang til å offentleggjere resultater frå den foreløpige opptellinga før kl. 21.00 valdagen, måndag 8. september. Vidare er det slik at valstyret kan motta røystegjevingar heilt fram til kl. 17.00 dagen etter valdagen. Dette for å sikra at ein får med seg røyster som er sendt frå andre stader i landet.

Du kan følgje med på valgresultat.no for å bli fortløpande oppdatert på valresultatet. Når det står at 100 prosent av røystene er talt opp, er kretsen ferdig. I Bokn har vi ein krets.