Traséar for ny E39

Informasjon frå ordførar Osmund Våga.

Bildet er ei kartskisse med dei ulike alternativa nedteikna. - Klikk for stort bilete Statens vegvesen

Dette er noko som mange er opptatt av og eg vil informere litt om saka.

No er Rogfast-prosjektet i gong, og då blir det ein diskusjon om vegen vidare, bokstavleg talt.

Alle er einige om at dagens E39 ikkje er god nok for den auka trafikken som vil koma etter at Rogfast er ferdig. Dei fleste vil ha ny god veg mellom Stavanger og Bergen for å binde regionane tettare saman.

Det har vore diskutert mange løysingar. Det beste for Bokn hadde vore at ein hadde gått inn i ein ny tunnel under Bokn og komme opp på Susort, men det er blitt vurdert å vere for dyrt.

Austre trasé

Vegvesenet har tidlegare presentert ei løysing der ein har bru frå Knarholmen over til Austre Bokn, gjennom Våga og tunnel til baksida av Austre Bokn og vidare ny bru til Ognøy. Det blir vist som austre trase på kartet.

Det vil ha negative konsekvensar for Knarholmen-området, Våga, innsida av Austre Bokn og Ognøy.

Vestre trasé

I førre veke var me på eit møte i Aksdal og fekk overraskande presentert ein ny trasé. Den har rett nok vore vurdert tidlegare, men så lagt vekk. Den går frå Knarholmen, rett nord, svingar ned mot fyren, bru over til Austre Bokn og så gjennom Nedrebø, Øvrebø, Kro og Ognøy.

Her vil det bli store negative konsekvensar for Knarholmen-området, Alvestad, Fyren og nordre del av Austre Bokn. Den nye traséen vil hindre nytt kryss i Knarholmen, ny brannstasjon, tomteområde på Alvestad, bustadbygging og næringsutvikling i Alvestad, Fyren-området og nordre del av Austre Bokn.

Sjølv om denne traséen er billigare, er konsekvensane så store at han neppe blir bygd.

Omsynssoner

Problemet her er at vegvesenet vil ha begge traséane som omsynssoner i kommuneplanen.

Det tok lang tid å få eit kart over omsynssoner, men nå har me endeleg fått det. Ønska omsynssoner er markerte i raudt. Her vil det ikkje vere mogleg å bygge noko, eller utvikle område utan å få godkjenning av vegvesenet.

Det kan me ikkje akseptere, det er store deler av det som er bebygd i kommunen.

Alternativa ser ut til å vere:

  1. Enten tar me dette inn i kommuneplanen, lar vegvesenet halde fram med planlegginga og håper at dei blir fort ferdige. Det kan ta mange år.
  2. Eller vel å ikkje ta det inn, men det betyr at kommuneplanen ikkje blir vedteken før me har funne ei løysing på dette. Det kan også ta lang tid.

Me diskuterte det i kommunestyret denne veka og var einige om at me ikkje kan akseptere dette.

Store negative konsekvensar

Begge traséane vil ha store negative konsekvensar for bustad, næring og landbruk. Og omsynssonene vil stoppe all utvikling i dei områda som blir omfatta. 

Her er det viktig å stå saman, så me vedtok ei einstemmig uttale:

«Bokn kan ikkje godta nokre forslag til vegtrasé som vil medføre rasering av bygder i Bokn.»

No er planen å ha eit møte med statsforvaltaren. Det er dei som handterer slike innvendingar til kommuneplanen, for å prøve å finne ei løysing som både me og vegvesenet kan akseptere. Og så jobbe politisk og i media for å påvirke vegvesenet til å endre traséar eller fjerne omsynssoner.

Det er planlagt å halde eit folkemøte med vegvesenet der boknarane kan få meir informasjon om dette.