Takk til Bokn Arena Event

Fv. Olav Rossebø, Tormod Våga, Lars Sigmund Alvestad og Per Helge Sunde på kjøkkenet. - Klikk for stort bileteFv. Olav Rossebø, Tormod Våga, Lars Sigmund Alvestad og Per Helge Sunde på kjøkkenet. Osmund Våga Av og til lurer ein på kva som skjer i Bokn Arena. Som denne helga der det er mange bubilar utanfor.

Av ordførar Osmund Våga

Då er det ofte eit arrangement der Bokn Arena Event enten står som arrangør eller serverer mat.

Fv. Rune Vatnaland, Olav Rossebø, Lars Sigmund Alvestad, Tormod Våga og Johannes Nilssen gjer klart i hallen. - Klikk for stort bileteFv. Rune Vatnaland, Olav Rossebø, Lars Sigmund Alvestad, Tormod Våga og Johannes Nilssen gjer klart i hallen. Osmund Våga Her blir det lagt ned ein stor dugnadsinnsats, både for å lage kjekke arrangement, men også for å skaffe inntekter. Folk stiller opp for å sette opp bord, lage mat, servere, etc.

Det er kjøpt inn utstyr for fleire hundre tusen. Nå sist er det brukt 60 000 på å kjøpe inn servise til 100 personar.