Av ordførar Osmund Våga
Undersøkinga er anonym og tar omlag 10 minutt å gjennomføra. Dei som legg igjen mailadressa si, er med i trekninga av 5 gåvekort a kr 1 500. Frist: 31.juli.
Gå rett til undersøkinga her:
Bokn kommune inn i framtida
Du kan også halda kameraet på mobilen din framfor denne QR-koden. Når den gule knappen "forms.office.com" kjem til syne, trykkar du på denne og du kjem rett inn i undersøkinga.
Innhaldet i undersøkinga
- Kva slags bustad eller arbeid du har nå, og kva du kunne tenke deg.
- Om dette er eit tilbod me har i Bokn, eller bør arbeide for å få til.
- Spørsmål om kulturtilbod, kommunale tenester, samferdsel og anna.
- Kva du synest om tilbodet nå, og kva du vil endre på.
- Korleis du vil at kommunen skal vere i framtida.
Innspel og meiningar
Det er viktig for oss å vite kva innbyggerane meiner for å kunne gi eit betre tilbod.
Kommunestyret har vedtatt å sette i gong arbeidet med «Tettstadutvikling Føresvik».
Både for å utvikle Føresvik som kommunesentrum, og sidan Holmen-prosjektet og nedlegging av Bokn plast vil gi store endringar i området.
Undersøkinga er også sendt ut på SMS.