Ordførarhelsing

Klikk for stort bileteOrdførar Osmund Våga sin første kontordag på Boknatun, 17.10.19 Jardar Havikbotn  Her kjem ei helsing frå ordførar Osmund Våga.

Eg vil takke for tilliten ved valet, til meg og dei andre som blei valde inn i kommunestyret. Me gler oss til å ta fatt, og er sikre på at dette blir ein periode med godt samarbeid, og at me saman kan gjera Bokn til ein endå betre kommune å bu i.

Det er mange spennande prosjekt på gong; bygging av ny skule, Rogfast, Holmen-prosjektet i Føresvik, vidareutvikling av næringsområde.

Ordførardag

Eg satsar på å vere på kontoret eit par dagar i veka. I utgangspunktet kvar onsdag, og ellers ettersom det passar.

Så dersom du vil snakke med ordføraren er det berre å komme innom. Dersom du har større saker du vil diskutere, er det ein fordel å ta kontakt på førehand for å avtale tid og informere om kva du vil ta opp.

Osmund Våga
Ordførar
Tlf. 98296690
E-post: osmund.vaga@bokn.kommune.no