"Opplev Bokn " - folkemøte i Bokn Arena

Klikk for stort bilete27. oktober var det stort oppmøte på folkemøtet som Rogaland Ressurssenter hadde laga til i forbindelse med prosjektet «Opplev Bokn».

Prosjektet er retta mot mat, oppleving og reiseliv på Bokn og initiert av Bokn kommune.

Formålet med prosjektet er å mobilisere og motivere næringa for å ta ut større verdiskaping på Bokn.

Klikk for stort biletePresentasjonar

Rådmann Ingeborg Skjølingstad presenterte prosjektet og bakgrunnen for dette. Vi hadde også med oss Heidi Skifjell frå Rogaland Fylkeskommune digitalt, som også er veldig positiv til prosjektet.

Jan Thore Lippestad frå Næringshagen Rogaland Ressurssenter presenterte dei og næringshageprogrammet som dei er ein del av, og kva dei gjer og kan bistå med i dette prosjektet.

Vår samarbeidspartner Destinasjon Haugesund & Haugalandet var på plass for å fortelle kven dei er og kva dei kan gjere i prosjektet som eit markedsføringsselskap for regionen. Dei snakka kort om kva turistar/potensielle gjester ser etter, og tips til digital markedsføring.

Lokale råvarer

Då Rogaland Ressurssenter starta planlegginga av dette arrangementet, ønska dei også å få presentere “Smaken av Bokn” for å vise fram alt det gode Bokn har å by på.

Dei trengte hjelp frå nokon som kjende Bokn betre, og engasjerte difor Bokn Arena Event, som laga ei flott ramme for arrangementet og trylla fram dei nydelegaste rettar av lokale råvarer saman med lokale aktørar.

Vi fekk servert kyllingspyd, vårrull og innbakt scampi frå Galaged Kitchen, ferske reker og steikt kamskjell med nydeleg attåtmat frå Bokn Sjømat, Grieg Seafood stilte med laks og Sjøbris frista med skillingsbolle og smoothie. I tillegg fekk vi hjortegryte med potetpurè.


Etter det nydelege matgildet, starta vi med idèdugnaden, som hadde som formål å inspirere og få fram dei gode ideane. Spørsmåla vi stilte resulterte i ein vegg med “post its” beståande av mange gode idear og store draumar.

Klikk for stort bileteVegen vidare

Vegen vidare for prosjektet blir å systematisere alle tankar og idear som kom fram under arrangementet. Dette blir presentert etterkvart for lokalbefolkninga, og forhåpentlegvis kan dette inspirere nokon til å følge draumen sin.

For å sjå meir om dette prosjektet, kan du gå inn på facebooksidene deira.

Ta kontakt

Jobbar du med reiseliv på Bokn i dag, eller går du kanskje med ein draum om å gjere det? Då ynskjer dei å prate med deg!

Ta kontakt med Rogaland Ressurssenter:

Jan Thore Lippestad: lippestad@rrs.no / 975 69 747

Rannveig Madsen: rannveig.madsen@rrs.no / 452 52 162

Eller kom innom på Boknatun. Dei skal ha kontordagar tysdagar kl. 09-12.

Osmund Våga
ordførar

(Bildene i artikkelen er tatt av Rogaland Ressurssenter)