Nyttårshelsing

Nyttårshelsing frå ordførar Osmund Våga.

Kjære boknarar!

Nå går det mot nyttår igjen. 2021 har vore eit år prega av korona. Me hadde eit håp om at når dei fleste var blitt vaksinerte ville me vere over det verste og samfunnet kunne opne opp igjen. At me kunne samlast som før og feire jul utan bekymring. Det var planlagt eit stort julebord i Bokn Arena og folk hadde gleda seg til å kunne treffast igjen.

Men nå har det auka med smitte og diverse arrangement har blitt avlyste. Me har blitt råda til å bruke munnbind og begrense kontakt med andre. Skulen har vore stengd og dei som kan er blitt råda til å ha heimekontor.

Så me får håpe at når den anbefalte 3. vaksinedose er sett, vil me begynne å sjå slutten på dette. At me igjen kan samlast til forskjellige arrangement, som 17. mai eller skuleavslutning. Det er det som er noko av det fine med eit samfunn som Bokn, der alle kjenner kvarandre.

Takk!

Det har vore gjort ein stor innsats med vaksinering både nasjonalt og lokalt. Her vil eg få takke dei som har jobba med vaksinering, som har stått på seint og tidlig for å sørge for at alle som vil kan få vaksine i Bokn.

Også ein takk til alle som jobbar i skule, barnehage og helsetenester. Her har dei hatt utfordringar med smittevern, karantene og sjukemeldingar. Men stått på og funne gode løysingar for å kunne gi alle gode tenester frå kommunen.

Den nye skulen, 22.12.21 - Klikk for stort bileteDen nye skulen, 22.12.21 Jardar Havikbotn Og til administrasjonen i kommunen som har brukt mykje tid på å handtere korona, med møte, tiltak og rapportering.

Skule

Som de nok alle har sett er arbeidet med den nye skulen i gong. Det går etter planen, og er forventa ferdig i slutten av 2022.

Innan skule er me også med i ei oppfølgingsordning frå statforvaltaren for å betre resultata i skulen. Me håpar at det vil bidra til ein betre skule og vere til nytte for elevar og lærarar.

Vassverk

Her har det vore lagt ned eit stort arbeid. Høgdebasseng på Austre Bokn er ferdig. Vassleidning er ført fram til Jøsang, Loten og Grønnestad. Nå blir det planlagt for Hognaland og Dagsland.

Planarbeid

Av planar som er vedtekne i 2021 kan eg nemne:

  • Plan for idrett og fysisk aktivitet
  • Plan for samordning frivillig/offentlig sektor
  • Handlingsplan: Vald i nære relasjonar
  • Handlingsplan: Leve heile livet

Me jobbar nå med å revidere arealdelen av kommuneplanen. Det er planlagt ferdig i 2023.

Dagsturhytte og klatrepark

Dagsturhytte er vedteken oppsett i Kongshamn. Me håpar at dette er eit tiltak som blir til glede og nytte for boknarane, og som kan få fleire ut på tur. Her vil det bli behov for dugnad for å forbedre stien ut til hytta og området rundt.

Det er også planlagt ein klatrepark i Føresvik. Dette er eit prosjekt med tilskot frå SR-bank som har vore utsett av forskjellige årsaker, men som me nå satsar på kan bli ferdigstilt til våren.

Lokale saker

Opning av offentleg toalett i Føresvik, 08.07.21 - Klikk for stort bileteOpning av offentleg toalett i Føresvik, 08.07.21 Jardar Havikbotn I Føresvik blei det opna eit sanitæranlegg med toalett og dusj i sommar. Det er eit tilbod som har vore etterspurt lenge.

Ei anna gledelig lokal sak eg vil nemne er at Røde kors sitt prosjekt Triton nå snart er ferdig. Båten er kjøpt inn og ein jobbar med opplæring og utstyr. Her har det vore stort engasjement frå frivillige i Røde kors og bidrag frå private og bedrifter. Og det er ikkje for seint å vere med. Det finst ein spleis på nett som ein kan bidra til.

Budsjett

Det var eit stramt budsjett som blei vedteke i desember. Me ser ikkje rom for nye store investeringar før me er ferdige med skulebygginga.

Den viktigaste endringa som blei gjort politisk, var at me bevilga meir midlar til skuledrift, sidan me meiner det er viktig.

Rogfast/E39

No er Rogfast-arbeidet i gong på Kvitsøy. Planen er at det skal startast opp på Randaberg-sida i løpet av 2022 og i Bokn rundt mars 2023 - med ferdigstilling i 2031.

Det vil gi stor aktivitet på Bokn. Det er anslått at rundt 200 personar vil jobbe med dette her. Avhengig av kven som får kontrakten, vil ein del pendle, men mange bu i Bokn, nokon i brakker og nokon vil nok kjøpe eller leige ein bustad her. Det vil gi ein auke i folkeltalet som me må forberede oss på. Forhåpentligvis vil ein del bli buande etterpå.

Eit tilsvarande prosjekt er ny 4-felt E39 som nå er under planlegging. Målet er at vegen skal vere ferdig samstundes med Rogfast. Det vil bli eit stort prosjekt i Bokn, med ny bru over Boknasundet, to tunellar gjennom Austre Bokn og nye bruer til Ognøy. Her vil det sannsynligvis jobbe like mange som på Rogfast prosjektet, og også her vil nok ein del av dei bu i Bokn.

Me vil ha tett kontakt med vegvesenet for å sikre at desse prosjekta blir mest mogleg til nytte for Bokn.

Godt nytt år!

Då vil eg få takke for det gamle året og ynskje alle eit godt nytt år!

Helsing
Osmund Våga