Nyttårsfyrverkeri

Kjetil Hamre Det nærmar seg nyttår igjen, og tradisjonen tru blir det felles fyrverkeri nedanfor Bokn Arena dette året også.

Men også i år utan publikum av smittevernhensyn. Me vil oppmode dei som bur i nærleiken om å sjå det heimefra. Dei som bur lengre frå kan køyre inn til Bokn arena og området rundt og sjå det frå bilen.

Det er firmaet Pyroevent som står for oppsendinga.

Dette er eit spleiselag mellom kommunen og lokale bedrifter. Dei firma som er med å støtte fyrverkeriet dette året er: 

  • Håflu AS 
  • Grieg Seafood
  • HighComp AS
  • Nibe AS
  • Bokn Arena Event
  • Mæland Bygg AS
  • Bokn Eiendomsutvikling AS

Vi takkar dei for støtta, det er godt å ha lokale firma som stiller opp.

Godt nytt år.

Osmund Våga
ordførar