Nyttårsfyrverkeri

Felles fyrverkeri frå eit tidlegare år. - Klikk for stort bileteFelles fyrverkeri frå eit tidlegare år. Kjetil Hamre Det nærmar seg nyttår igjen, og sjølv om dette året har vore spesielt, held vi på dei tradisjonane vi kan og det blir felles fyrverkeri nedanfor Bokn Arena dette året også. Men dette året blir det utan publikum av smittevernhensyn.

Av ordførar Osmund Våga.


Vi vil oppmode dei som bur i nærleiken om å sjå det heimefrå. Dei som bur lengre frå kan køyre inn til Bokn Arena og området rundt og sjå det frå bilen.

Spleiselag

Bokn kommune sitt vippsnummer er 52796. - Klikk for stort bileteBokn kommune sitt vippsnummer er 52796. vipps.no Det er firmaet Pyroevent som står for oppsendinga. Dette er et spleiselag mellom kommunen, sponsorar og innbyggarane.

Dei firma som er med og støtter fyrverkeriet dette året er:

  • Grieg Seafood
  • HighComp
  • Nibe
  • Bokn Arena Event
  • Mæland Bygg
  • Bokn Eiendomsutvikling

Vi takkar dei for støtta, det er godt å ha lokale firma som stiller opp.

Bli med

Vi vil også nytte høvet til å be innbyggarane om å vere med på spleiselaget. Ta ein del av det du ellers ville brukt på fyrverkeri og Vipps til Bokn kommune på nr. 52796

Godt Nytt År til dykk alle!