Av ordførar Osmund Våga
Skisse frå Nyholmen-prosjektet - nyholmen-bokn.no
HOLON Bergen AS
No når Rogfast prosjektet er starta opp i Bokn er det ytra ønske om eit møte mellom entreprenørar og lokalt næringsliv, for å sjå på moglegheiter til samarbeid og kjøp av varer og tenester lokalt.
Vi er opptatt av at dette skal ha positive ringverknader for Bokn, og har mange bedrifter som kan ha nytte av dette.
Eg vil difor invitere lokalt næringsliv til å møte Statens vegvesen, Skanska og Vassbakk & Stol tysdag 21. februar kl. 17 i Bokn Arena Boknahåve.
Der kan lokale bedrifter fortelje kva dei kan tilby, og entreprenørane kva dei har behov for.
Havvind-prosjekt
Hanne Tvedt frå METCentre kjem også. Ho jobbar med havvind-prosjekt, deriblant SeaTwirl som er planlagt innstallert i Bokn neste år, og er interessert i å komme i kontakt med lokalt næringsliv.