Mange deltok på folkemøtet

Forsamlinga under folkemøtet. Ingeborg Skjølingstad Eit godt folkemøte med om lag 180 deltakarar i Bokn Arena torsdag 12 mai. 

Av ordførar Osmund Våga.

Takk til alle som møtte opp og til dei som informerte om prosjekta sine. Og til alle engasjerte innbyggarar som hadde synspunkt og spørsmål. Og takk til Bokn Eiendomsutvikling og Sjøbris som spanderte mat.

Her fekk me høyra om Rogfast av Oddvar Kaarmo, ny E39 Bokn-Hope av Henry Damman og Holmen-prosjektet i Føresvik av Rolf Børseth. Alle desse prosjekta er viktige for framtida til Bokn. For Bokn blir særleg trasevalet til E-39 viktig, og her skal me vera tett involverte.

Det var mykje informasjon i presentasjonane. Dei er vedlagt nedanfor slik at folk kan studere dei nærare. Og her er animasjonsvideoane som blei viste.

Rogfast vil gjera Bokn til den mest sentrale plassen i Rogaland, med ein halv time til både Karmøy, Haugesund, Stavanger, Sola, Sandnes osv. Det vil gjera det attraktivt å bu på Bokn om ein reiser litt i begge retningar.

Og saman med ny E-39, Hordfast og oppgradert E134 vil det gjera vår region til ein av dei sterkaste i landet. Då blir det 2 timar frå Stavanger til Bergen, og 4-5 timar til Oslo. Ein felles bu- og arbeidsmarknad på over 1M innbyggjarar. Med stor hamn og flyplass, Haugaland Næringspark og mange framtidsretta bedriftar.

Det gjer at me ser lyst på framtida til Bokn og regionen.

Presentasjon 1 (PDF, 9 MB)

Presentasjon 2 (PDF, 6 MB)