Av ordførar Egil Våge
Saker som var oppe til behandling:
Kvalitets- og utviklingsmelding Bokn skule 2023
Denne rapporten blei gjennomgått i formannskapet 14.11.23 av rektor Wenche Havikbotn. Kjekt å få ein gjennomgang om kva som skjer i skulen og utviklinga der. Me har fått ein ny flott og triveleg skule, og det er godt å få komme i gong her etter ei lang tid i «skulebrakker».
Busetting av flyktningar 2024
Bokn kommune er blitt bedne om å busetje fleire flyktningar. Behovet for å busetje fleire flyktningar har auka og Bokn kommune har sagt ja til me kan ta imot 20 flyktningar i 2024. Dette blei samrøystes vedtatt.
Budsjett for 2024 blei vedtatt og eit samla kommunestyre var einige om følgjande tilleggsinvesteringar:
- Nytt uteområde i barnehagen, kr 4 500 000,-
- Oppgradering uteområde sjukeheimen, kr 100 000,-
- Nye stolar for ungdomskulen kr 100 000,-
- Auka stilling med 40% kjøkken sjukeheim
- Innkjøp av traktor til driftsavdeling, kr 1 000 000,-
- Me jobbar og med å få på plass ei gåvesjekk-ordning for ungdom frå Bokn som etter endt skulegang/vidareutdanning vil busetje seg på Bokn. Dette er ikkje heilt på plass endå, men skal jobbast med i løpet av det neste året. Dette er tiltak som er positive for kommunen, og me er glade for å kunne få til.
Uttale til høyring av forslag til planprogram for E39 Bokn - Bømlafjorden
Ei anna viktig sak som pregar Bokn er planprogrammet for ny E39, der Statens Vegvesen har lagt fram 2 trasevalg over Bokn.
Bokn kommune har fått utarbeida ei uttale til planprogrammet E39 Bokn – Bømlafjorden. Denne saka har engasjert folk i kommunen og debatten i kommunestyret blei ein lang god diskusjon, men til slutt blei uttalen til høyringsforslag vedtatt med tillegg.
Du kan lesa vedtatt uttale her:
Uttale til høyring av forslag til planprogram for E39 Bokn - Bømlafjorden (PDF, 100 kB)
Du kan lesa heile saksbehandlinga her (rull ned til rett saksnummer):
079/23 - 23/3303 - Uttale til høyring av forslag til planprogram for E39 Bokn - Bømlafjorden
Kart, ny E39 Bokn - Bømlafjorden
Statens vegvesen
Når alle uttalar til høyringa er komne inn, skal Statens vegvesen (SVV) ta stilling til dei ulike innspela, og vil etter det sjå på eit grunnlag for fastsetjing av planprogrammet for Bokn.
Dette betyr at dei to omsynssonane kan bli liggjande i lang tid, og det vil medføre store utfordringar for Bokn med tanke på utvikling av kommunen.
Samtidig jobbar me óg med SVV for å få utbetra kryssa i Knarholmen og Austre Bokn, samt støyskjerming av delar av E39.
Kjekt og spennande
Ny butikk i Føresvik er óg ein ting me håpar å få til. COOP ser nå på alternativ til korleis dei skal få dette til. Så her håpar me å kunne komme med ein gladsak i løpet av kort tid.
Det er mykje spennande og kjekt som skjer på Bokn for tida, og Rogfast-analysen som blei presentert nyleg seier at jobb- og bustadmarkedet vil kunne gå gode tider i møte. Med Rogfast vil ein kunne bu på Bokn og ha kort veg til arbeidsmarknader og vidaregåande skular på Haugalandet og i sørfylket. Og ein vil ha store moglegheiter for å kunne få nye næringar til regionen og kommunen. Så her må me vera klar for det som skal skje!
Det er fortsatt kjekt på Bokn, og vil bli det framtida og!
Vil med det ønske alle ei riktig god og fredfull jul!
Egil Våge
Ordførar