Hærverk

Me har fått melding om diverse hærverk i Bokn Arena og den nye skulen.

Bildet viser opprivne blomar ved Bokn Arena. - Klikk for stort bileteOpprivne blomar ved Bokn Arena. Bokn kommune

Av ordførar Osmund Våga

Blokkerte toalett og vaskar, oppskorne hol i såpebehaldarar, opprivne blomar, kasting av stein mot bygningar.

Ingen store og alvorlege ting, men veldig irriterande for reinhaldarar og vaktmeistrar som må bruke tid på å rydde opp i dette. Og ekstra utgifter som heller kunne bli brukt på noko betre.

Vurderer kameraovervaking

Me må vurdere å setje opp kameraovervåking for å hindre slikt hærverk i framtida.

Nå har kommunen brukt store ressursar på å bygge ein fin hall og ny skule.

Bildet viser toalett i Bokn Arena som har blitt tetta til fleire gonger den siste månaden. - Klikk for stort bileteToalett i Bokn Arena har blitt tetta til fleire gonger den siste månaden. Bokn kommune

Og hugs, det er ikkje kommunen sine pengar, men innbyggarane sine pengar, dine pengar.

Då forventar me at ein tar godt vare på desse bygga slik at dei kan vare lenge og vere til glede og nytte for innbyggarane.

La det vere!

Til foreldre og lærarar: Sei frå til barn og ungdom at dette ikkje er akseptabelt. Foreldre bør og hugse på at dei kan bli erstatningspliktige for skadar.

Det skulle ikkje vere nødvendig å seie dette, men eg må sterkt oppfordre dei som gjer slikt hærverk om å slutte med det !

Til dei som kjenner til kven som gjer det: Forklar dei at dette ikkje er greit og be dei la det vere.

Fleire bilde frå hendingane: