Dansekursdeltakarar: Framme frå v.: Adelin Øvrebø, Lilja Sofie Mæland, Tiril Kristine J. Alvestad. Andre rekke frå v.: Nora Sæland, Amalie Våge Vikøren, Wanda Are, Tiril Sjøen, Angelica Marie Are, Gina Omine Waage-Hetland, Oda Alvestad-Larsen. Bak frå v.: Nora Skjelde, Karoline Våge Hammer, Live Øvrebø, Hanna Røsdal Lund.
Anne Tove Øvrebø, Bokn kulturskule
Møtet inneheldt ein del interessante saker som eg vil informere om.
Sakene kan du finne her:
Saksliste
Kulturinnslag
I starten av møtet fekk me eit innslag frå kulturskulen med barnedans (1.-3. kl.) og jazzdans/hip-hop (4.-7. kl.), leia av danseinstruktør Siri Nesse.
Takk til alle som var med, dere var kjempeflinke. Og det er godt å sjå at det er blitt meir aktivitet i kulturskulen, det var målet då me bevilga meir midlar til det i budsjettet i fjor.
Etter det fekk me orienteringar frå NAV og Barnevernet.
Årsmelding og rekneskap 2022
Den viktigaste saka i møtet var godkjenning av årsmelding og rekneskap for 2022 som gir ein god oversikt over drifta i kommunen. Eg vil oppfordre folk til å lese dei, du kan finne dei her:
Årsmelding 2022
Årsrekneskap 2022
Eg vil takke kommunedirektøren og resten av administrasjonen for å ha laga ei god og oversiktleg årsmelding og sluttar meg til helsinga hennar i årsmeldinga:
“Takk til alle tilsette, tillitvalde, folkevalde, lag og organisasjonar for godt samarbeid og god innsats i 2022.”
Driftsresultat på 10,5M
Det viktigaste talet i rekneskapen er netto driftsresultat på 10,5 millionar kroner. Det er eit godt resultat, langt over budsjett.
Me var lenge bekymra for økonomien i fjor med høge koronautgifter og straumprisar. Men med ekstra koronastøtte frå staten, auke i skatteinntekter og ei stor utbetaling frå havbruksfondet, blei det eit fint overskot.
God samla økonomi
Samla gjeld er på veg ned, og er nå 116M, 89% av driftsutgifter, derav 24M til startlån.
På fond har me 63M, så den samla økonomien er god. Utfordringa er høge driftsutgifter, her må me passe på framover.
Folketalsutvikling
Årsmeldinga viser ein jamn nedgang i folketal, anslått til 827 innbyggarar i 2030. Her ligg me heldigvis betre an, no er det rundt 870 og aukande, delvis grunna mottak av flyktningar og oppstart av Rogfast.
Fordeling av overskot
Mesteparten av overskotet blir sett på disposisjonsfond for seinare bruk, men me vil bruke litt nå - til glede for innbyggarane.
Me overfører 500 000 kr til næringsfondet, 100 000 kr til frivillighetsfondet og bruker 170 000 kr til PC’ar til skulen, som det har vore ønske om.
Oppgradering av utearealet til barnehagen vart også diskutert, men krev meir forbereding, så me bad om at dette blir tatt med i budsjettet for 2024.
Søk støtte
Eg vil oppfordre folk til å søke frivillighetfondet om støtte til frivillige arrangement til glede for befolkninga. Og søke næringsfondet om støtte til etablering av bedrifter, eller investeringar i eksisterande bedrifter.
Her kan eg samstundes melde om at me har fått brukt litt av fondet. Det er søkt støtte til ei nystarta bedrift i Alvestad, Sjøkanten Bar AS, så det har me gitt.
Og i møtet 20. juni innvilga me også skjenkjebevilling, under ei veke etter at alle papir var mottekne, så det viser at det kan gå raskt med saksbehandling i ein liten kommune.
Gratulerer med ny bedrift. Nå gler me oss til opninga, dette er eit tilbod me har hatt ønske om lenge på Bokn.
Tertialrapport
Vidare i møtet var det framlegging av 1. tertialrapport 2023, som viser korleis det går med drifta i kommunen første kvartal. Rapporten inneheld også ei oversikt over vedtekne prosjekt, for at me skal kunne følge med på status her.
Av store prosjekt kan eg nemne at utbygging av vassverk er ferdig, energisparetiltak, utbedring av bekk nord for Boknatun, og veg på Ognøy er under planlegging.
Det er vedtatt å tilby Tysvær inntil to plassar på sjukeheimen, sidan Karmøy nå har mindre behov etter at dei bygde nytt på Karmøy.
Jardar Havikbotn
Me vedtok oppdatert selskapsavtale for Haugaland brann og redning, etter at Suldal og Etne dessverre har valt å forlate samarbeidet. Her blir dett også jobba med planlegging av ny brannstasjon på Bokn.
Sjukeheimsplassar
Me vedtok å tilby Tysvær inntil to plassar på sjukeheimen, sidan Karmøy nå har mindre behov etter at dei bygde nytt på Karmøy. Her var det bekymring om at dette kunne gå ut over kapasiteten for eigne innbyggarar. Men desse plassane er korttidsplassar og kan seiast opp dersom me får større behov lokalt.
Me ser dette som ei god ordning, både sidan det gir inntekter og for å kunne ha ei stabil bemanning på sjukeheimen.
Det er tid for årsmeldingar, og under referatsaker er det lagt ut årsmelding og rekneskap for ein del organisasjonar som Bokn er medeigar i.
Dette var siste møtet før ferien, så då vil eg få ønske alle ein god sommar.
Osmund Våga
Ordførar