Avslutning for Jan Erik Nygaard

Tidlegare ordførarar i Jan Erik Nygaard sin rådmannsperiode: Frå høgre: Leif Vatnaland, Sigrunn Hole Hosaas, Svein Ove Alvestad, Kyrre Lindanger, Tormod Våga og ordførar Osmund Våga fortalde om arbeidet sitt saman med Jan Erik med historiar om både politiske og personlege forhold. Til venstre: Rådmann Ingeborg Skjølingstad. Åse Helen Alvestad 8. september var det avslutningsmiddag for Jan Erik Nygaard i Bokn Arena. P.g.a. korona blei det litt utsett og redusert i forhold til opprinnelege planar. Arenaen var fint pynta av Åse Helen Alvestad.

Tekst: Osmund Våga - Foto: Åse Helen Alvestad

 

Vi ville nytte anledninga til å vise fram noko av det vi har i Bokn.

Lokale krefter

Først litt sang av vår flotte sangtrio, Venevil Birkelund, May Jorunn Vatnaland og Oddrun Nilssen. Lyden blei styrt av Wolfgang B. Ognøy.

Deretter fekk vi ein treretters middag, laga til av Bokn Arena Event. Dei gjer ein flott innsats for kommunen, jobbar dugnad og lagar til diverse arrangement, bl.a julebord. Dei hadde laga til ein meny med inspirasjon frå produkt som blir produsert på Bokn.

  • Gravlaks med sennepsaus og rista brød til forrett
  • Lammefilét på spinatseng med mandelpoteter, brokkoli og grønnsakpuré til hovudrett
  • Sambuca pannacotta med bjørnebærsaus og nøttecrunch til dessert

Maten blei servert av elevar i 10. klasse som jobbar for å samle inn pengar til klasseturen sin.

Talar

Etterpå var det talar av alle ordførarane som har jobba saman med Jan Erik. Her mangla vi berre Arne Øvrebø som dessverre døde i fjor. Vi fikk også ei helsing frå Bokn sanitetsforening.

Deretter heldt Jan Erik ein tale for å oppsummere arbeidet sitt i Bokn med mange interessante historiar - og takka for samarbeidet.

Og så blei det litt meir sang før det var slutt.

Glimt frå kvelden: