Trekningar av postkassebøker

Det blei sett nye rekordar på Boknahåve og Vardafjellet i 2016. Her er vinnarane:

Stadig fleire går til Boknahåve.

Boknahåve

Her blei det ei auke på heile 61% i forhold til 2015-resultatet, og rekorden frå 2013 blei slått med 79 namn. Registrerte underskrifter i 2016 og ny rekord er på 395 stk. Trekninga viste at vinnaren blei nr. 374, Monika Øvrebø, Bokn.

Les også: Klopp-planlegging og TellTur-start

Vardafjellet

I 2015 passerte talet på underskrifter 2.000 med 11 stk. Stigninga heldt fram i 2016 og det nye rekordtalet er på 2.239 namn. Det var nr. 2.318, Bettina H. S. Vik, Bokn som blei trekt ut (2016-registreringa byrja på nr. 2.013).

Boknafjellet

Her held talet seg ganske stabilt. Frå 2015 blei det ei redusering med 209 namn, men talet var høgare enn i 2014. Det var 4.289 namn i boka i 2016, og vinnaren blei nr. 647, Tuva Bryningsland, Bokn. 

Gratulerer til vinnarane, som vil motta eit gåvekort kvar på kr. 500,- hos sport og villmarkskjeden XXL.! Premiane kjem i posten.

6.923

Samla besøkstal på dei tre stadene var 6.923. Det blir spennande å sjå om 7.000-talet blir passert i 2017.

Takk til Austre Bokn Bygdalag, Anne E. Askeland og Wenche L. Havikbotn for sporty utlegging av bøker og innhenting av nødvendig informasjon på dei ulike stadene.

Hognåsen, Håklepp og Klepphaugen

1. juni er det 18 år sidan den første postkassen med bok kom opp på Boknafjellet. Då starta dåverande ordførar Sigrunn Hole Hosaas å oppfordra fastbuande og besøkande turgåarar, joggarar, syklistar, m.m. til friluftsliv. Kvart år sidan har det blitt trekt ut ein vinnar blant namna i boka. 

Vardafjellet og Boknahåve blei etter kvart med i ordninga. Nå ligg det også bøker i postkassane på Hognåsen og Håklepp. Det vil også koma bok i postkassen ved Klepphaugen i Loten.

God tur!