Kultursoga i hus

FORNØGD GJENG: Fv. ordførar Tormod Våga, Leif Vatnaland, Arne Øvrebø, Sigvart Våga, Reidar Alvestad, Olav G. Larsen og forfattar Birger Lindanger.

Ordførar, bygdeboknemnd og forfattar gler seg over at bygdebøkene nå er på Boknatun og klare for sal. 

FORNØGD GJENG: Fv. ordførar Tormod Våga, Leif Vatnaland, Arne Øvrebø, Sigvart Våga, Reidar Alvestad, Olav G. Larsen og forfattar Birger Lindanger.

Tysdags kveld den 29. november kunne dei endeleg halda bøkene i nevane. Det 1247 siders store kultursoge-verket veg over 4 kg, så ein kjenner det godt når ein held banda i hendene.

- Dette har me venta på i alle fall i tre jul'er, sa leiaren i bygdeboknemnda, Leif Vatnaland, og la til at dei starta arbeidet i 2009, då dei m.a. reiste til Haugesund og las i gamle aviser.

Ordførar Tormod Våga takka dei for eit fantastisk arbeid, og sa han ikkje var i tvil om at bøkene vil ligga under mange juletre i år.

Sal

Onsdag 30. november startar salet på Boknatun. Det blir sal alle kvardagar kl. 12-15. Dei som har gåvekort kan ta med dette og bytta det inn i bøker.

Økonomiavdelinga opplyser at sidan kommunen ikkje lenger har banken her, har me problem med å ta i mot store kontantbeløp - og kan dessverre ikkje ta i mot kontantar ved kjøp av Kultursoga.

Kultursoga kostar kr. 1.000,- for to band og me har to alternativ for betaling:

  1. Nettbank:  Gå inn i nettbanken din og betal kr. 1.000,- til konto nr. 3373.07.00305, Bokn kommune. Merk betalinga med «Kultursoge». Godkjenn betalinga og skriv ut kvitteringa (alternativt send kvitteringa på mail til post@bokn.kommune.no ). Ta denne med og lever ho når du hentar bøkene i Servicetorget.
  2. Faktura:  Send melding til post@bokn.kommune.no ei stund før du kjem og be om å få faktura på bøkene. Me skriv då ut ein faktura som du kan ta med deg når du hentar bøkene.

Kultursoga

 

Du kan også få bøkene tilsendt saman med faktura. Då kjem porto kr. 160,- i tillegg. Interesserte tar då kontakt på tlf. 52 75 25 00.

 

Sal i Stavanger

Interesserte som bur i Stavanger kan få kjøpt bøkene hos Rogaland Historielag i Bergelandsgata 30.

Bygdabladet kjem tilbake til ev. andre utsalsstader.