Full aktivitet

31. januar kunne ungdomsskuleelevane på Bokn skule jubla over nye aktivitetsapparat i halve gymsalen

31. januar kunne ungdomsskuleelevane på Bokn skule jubla over nye aktivitetsapparat i halve gymsalen.

 

Fv. Andreas Hatlem, Madelen K. Hanssen og konsulent Henning Aarekol. Det er laga aktivitets/kø-lister der elevane skriv opp det dei vil vera med på.

Med mål om å auka aktiviteten for ungdomsskulen i m.a. friminutta, for å betra det psykososiale skulemiljøet, laga skuleleiinga i fjor haust ein handlingsplan mot mobbing og trakassering. I samband med budsjettbehandlinga for 2016 blei det bevilga pengar til dette, og fleire spel blei kjøpte inn.

Som kjent er kroppsøvingsfaget flytta til Bokn Arena, og skulen bestemte å bruka halvparten av den gamle gymsalen til denne aktiviteten. På opninga, der både rektor og undervisningsinspektør var til stades, las 10. klassingen Madelen K. Hanssen opp eit bruksreglement - laga av elevane. 

Eigarforhold

- Elevane har fått ansvar og skal vera med og styra opplegget framover, fortel inspektør Frode Lindanger, som håpar dei unge får det rette eigarforholdet og passar godt på dei nyinnkjøpte produkta. 

Det tok ikkje lang tid før to ​bordtennisbord, to airhockeyspel, to fotballspel og eitt biljardbord blei tatt i bruk av entusiastisk ungdom - 14 stk. i sving på ein gong (18 ved double-spel i bordtennis).

Konsulent Henning Aarekol, som driv firmaet Dagen er din, og som er på skulen ein dag i veka fram til sommaren, hjelper til med å få elevane engasjerte og ta ansvar.